Atterslaget.

 

 

Fyrst Sverdrup saag, at han kom fram lell, hadde han ikkje noko vidare bruk anten for Vinstresamlag elder Folkevæpning.

 

Folket hadde tenkt, at desse var nye Tiltak, som skulde faa Framtidi for seg til aa veksa upp til Folkemagter.

 

For seint fekk me røyna, at det skulde berre vera Studning for Sverdrup sjølv.

 

Daa Sverdrup vart Statsministar, fekk han døyvt Vinstresamlaget. Det var hans Aand, som raadde paa Aarsmøtet i 1885, daa dei ikkje vedtok anna Program enn ”Tilslutning til Ministeriet Sverdrup”. Med andre Ord: Folk sette av seg sjølve og yverlet ein  Mann baade Andsvaret og Arbeidet med Statens Styr og Stell. Sivert Nielsen var her med paa aa tyna Folkemagti, han lagde seg mykje fram til aa faa dette Vedtaket godkjent.

 

Fyrst i 1887 paa Trondheimsmøtet var det at Samlaget saag Mistaket sitt, betre seint enn aldri. Men mykje Skade hev me havt av, at det ikkje vart set fyrr.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum