Den gode Vegen,

 

 

som me var innpaa, var nok ikkje meint elder viljat av nokon av dei, som anten hadde Styret elder vilde koma til Styret. Dei brukte Folkereisningi som eit Midel for andre Planar, men dei saag ikkje noko Fyremaal i seg sjølv i eit Folkevelde.

 

Og likevæl var denne Folkereisningi mykje meir enn berre slik ei Raamhending. Ho var Utslag av Krefter og Krav, som lenge hev legjet i Folket, men aldri hev fenget nokon rett Tolk for seg.

 

Ingen av vaare Statsmenner hev skynat desse Krav og Krefter fullt ut. Naar Jaabæk og Sverdrup hev vortet so store, so er det ikkje fordi dei heilt hev fatat og boret fram vaare Folkekrav, men dei hev utan aa vita det leikat innpaa Strengjer, som hev gjevet Klang for norske Øyro. Men Grunntonen, det store Prinsip for norsk Politikk, hev ingen av dei fatat.

 

Det syner seg allvist tydeleg med Sverdrup, no han hev komet i ei slik Stelling, at han kann tala ut um sine Grunnsetningar, at det er ikkje dei, som Folket hev vortet glad i han for.

 

Det, som hev gjort Sverdrup gjæv, det var Organisasjonen hans mot Regjeringi og Hevdingi av Folkeveldet.

  

Men det hev synt seg no sidan, at dette var ikkje hans fulle og rette Program, det var berre Tidhøve og dei serlege politiske Tilstand i Stortingsaari hans, som viste ’n fram fraa den Sida.

 

Nei Sverdrups eiget rette Program hev no tydeleg vist seg aa vera:

 

Organisasjonar,

 

fast Organisasjon elder Skipnad av alle Stats- og Samfundsforhold, av Her, av Domstolar, av Skule, Kyrkje og Union.

 

Hadde Jaabæk voret yngre mann og klaarare Hovud, so vilde han fyrst og fremst voret Motstandar av Sverdrups Politikk. For Jaabæk hev havt ein Stortanke som sitt Program, Sparetanken. Og den Tanken skulde synast aa vera tvertimot Sverdrups Organisasjonsplanar av det politiske Liv med store Umkostningar og Mengdar av Direktørar og andre nye Embætsmenner.

 

Dei Tankar av Jaabæk og Sverdrup, som er fødde ut av Folkekravet, er soleis Sparetanken og Opposisjon mot Regjeringi og Styrking av Folkeveldet.

 

Desse Tankarne, som baae er komne fram meir einskilde og stykkjevis enn som Utslag av heile Livssyn, vil me freista aa stella i Samanheng under større Prinsip og leggja til Grunn for det politiske Arbeid for Framtidi.

Me vil hevda Opposisjonen ikkje berre som Opposisjon imot ei Høgreregjering, men som Opposisjon imot kvar Regjering, som vil vidga ut Statens Magt.

  

Ei sterk Regjering og ei sterk Sjølvstyring gjeng aldri saman. Det er Motsetningar.

 

Folkeveldet tok til aa koma seg upp i Selmers programlause Styretid, det gjeng ned att i Sverdrups Tid med dei mange Statsorganisasjons Planar.

  

Sverdrups Styre hev ført nye og faarlege Grunnsetningar inn i det politiske Livet vaart, han hev vikt av fraa den gode Vegen, som me hadde sleget inn paa: paa den eine Sida aa knipa inn Statsbudsjettet og stogga Regjeringi, paa den andre Sida aa grunnleggje nye frie  Samfundsformer.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum