Det radikale Programm.

 

 

Radikaleren Clemenceau  i Frankrikje heldt nyleg ein Tale og lagde fram Programmet aat dei Radikale. Den politiske Situasjon i Landet no, sagde han, var reine Raadløysa. Kven er Høgremann og kven er Vinstremann, og kvarhelst er Sjølvstyringi? me ser Regjeringi raadføra seg med Høgrefolk i Stelle for med Fridomskaranne. Dei styvnaste Folk er og kautast paa det, ja me ser dei truga Vinstrefleirtalet med Uppløysning, soframt det ikkje fylgjer dei. All Høvepolitikk (Opportunisme) og alle Regjeringarne, som dreiv med den, var raadlaus Greide. Dei radikale krev ikkje berre nokre Plassar i Regjeringi, dei vil hava Bot som duger; stigande Skatt paa Inntekti, Uppreinsking i heile Embætsverket, Skiljing av Stat og Kyrkje, Desentralisasjon og Minking av Statens Velde, fram med Arbeidaren o. s. fr. Den Regjeringi, som ikkje vilde innlata seg paa slikt, hadde ingen Rett aa vera til, ho var berre fridomen til Mein.

 

Stellingi her i Norig no for Tidi er umlag den same. Einast ein radikal Politikk kann berga Landet. Programmet vert paa Lag det same her som i Frankrikje.

 

Det er difor i Samhøve med europæisk radikal Politikk, at me vil:

 

fram med Arbeidar og Bonde, fri Kyrkje, fritt Forsvarssamlag med Sverik utan Konge, Røysterett for alle og meir Sjølvstyre i Bygd og Fylkje, mindre Stats- og Embætsvelde, Sparing i alt so nær som Upplysning.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum