Frie Samlag.

 

Det ”private Initiativ” elder Framferd og Tiltak hjaa Kvarmann er ei av dei megtugaste Krefter, me hev. Det er sterkt, fordi det alltid er i Samhøve med Tidi, og fordi det er Utslag av alt det, som rører seg i Menneskja, utslag av Naud og Trengsle, utslag av Harm og Traass, Utslag av Von og Lengting.

 

Den Samfundsskipnad, som veit aa taka det i si Tenest, maa sigra yver alle andre Samfundsskipnader. Sosialismens jarnfaste, strenge Stat kann ikkje ganga, naar det skal tevla med det ”private Initiativ”, og den Skipnaden, det  naturleg vil laga imot ei hard Styring, nemleg frie Samlag.

 

Me kann sjaa det greidt i slike Greiner av Samfundslivet, som me alle kjenner. I Kyrkjelivet t. D.

  

Kva var det, som gav den fyrste kristne Kyrkja slik Eld og Kraft, elder som no gjev t. D. Metodismen slik Styrkje?

  

Er det ikkje kanskje det frie Samlag?

 

I Fyrstningi var det Kraft i Lutherdomen ogso, den Gong han var fritt Samlag. Men alle Kyrkjelag, som er bundne, det vil segja soleis lagad, at dei for det aller meste hev innfødde Medlemer, som aldri i sitt liv hev gjort noko fritt Samfundsval, dei er kraftlause.

  

Dei frie Samlag er sterke, fordi dei knyter fast ihop til ein stød Organisasjon Smaaflokkar paa einskilde Stader og med einskilde Fyremaal; sjølv um det er ein ørliten Flokk og paa eit avsides Stelle, gjer ei fri Samanslutning det mogelegt for dei aa naa det, dei vil, og liva menneskjelegt og lukkelegt, noko som det tvungne Samfund gjer reint umogelegt for mange.

 

Dei frie Samlag er paa den andre Sida sterke, fordi dei sprengjer dei nasjonale Grensur og bind Folk ifraa heile Jordringen, som hev same Hugmaal, ihop til eit Samfundsliv, der ein kann vera med, sjølv um han er den einaste i sitt Land.

  

Me hev frie Samlag til aa stydja og styrkja den nasjonale Utvikling, og vert ikkje dei nasjonale Interessur betre verjad av dei, enn um det var berre Statsmagterne, som tok seg av dei?

 

Og me hev frie Samlag til aa stydja og styrkja den aalmenmenneskjelege Utvikling, internasjonale (elder millomfolkelege) Samlag; og gjeng ikkje ei slik Sak som Avhaldssaki elder Bibelsamlagi best tru, naar det er frie Samlag med interesserad Privatfolk til aa driva ho? tenk, um ho skulde greidast paa diplomatisk Veg gjennom Statsmagterne i dei ymse Land, kva vart det att av Saki daa?

 

Sjaa Misjonsverket, kor godt det gjeng, frie Samlag. Men endaa me ser, at Kristendomstrævet med aa grunna nye Kyrkjur millom Villmennerne kann gaa ved frie Samlag, ved frie Tilskot, ja ser det ganga betre enn Kyrkja her heime, endaa er me rædde for aa gjeva Kyrkja her i Kulturlandet, Morlandet, frie Hender!

 

Sjaa alle Storverki hans Oftedal til aa avhjelpa Naudi, tru Staten kunne greida det so godt?

  

Naar me ser, at slike frie Samlag kann gaa godt, der det berre krevst Offer og Utlegg, Samlag med det Fyremaalet berre aa hjelpa andre, kor mykje betre vil daa ikkje slike frie Samlag ganga, som ogso hadde til Fyremaal aa hjelpa seg sjølv?

 

Um Repræsentasjonen og Parlamentarismen var aldri so vanhøveleg i seg sjølv, ein Ting skal me daa alltid takka den for, nemleg at den sjølv hev skapat den nye Skipnad, dei frie Samlag.

 

Sjaa berre alle dei Samlag, som hev komet upp hjaa oss i dette Aarhundrad, Samlag for heile Landet og for dei einskilde Stader, Handelsforeiningar og andre økonomiske Samlag (Meieri og Smørforeiningar); med sume gjeng det galet, det er sant, men hev ein berre Tol og Traatt, so veit ein, at Lærepengar maa ein allstøtt betala.

 

I Land, som hev eldre Fridom enn me, er Samlagstanken komen endaa lenger fram. I Sveits t. D. kann ein Mann vera Medlem av ei ti, tolv frie Samlag, som gjev honom slikt, som elles berre vedkjem Kommunestyret. Veger og store Vassleidingar, gilde Vinberg, vældyrkad Engjer og staute Skogar, som Utlendingen bisnar paa, er kostad upp og haldne i Stand av frie Samlag. Og i England er det private Samlag, som tek paa seg aa verja Landet, jamvæl eit Samlag til aa verja Strandlina hev voret paa Tale.

 

Det er berre ein Ting, som er vanskeleg aa faa frie Samlag til, nemleg aa slagta kvarandre paa Slagmarki. So at den, som er glad i Krig, maa nok gjera Staten so sterk som mogeleg.

  

Staten skapar veike, umyndige Trælar, som berre arbeider for Løn, men frie Samfund skapar viljesterke, mangfreistne Menn med Raad til aa utvikla Fullnaden av alle Krefter, som er nedlagde i Menneskje.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum