Kven liter me paa?

 

Ikkje paa Gud og ikkje paa Kongen. Det er ingen av dei tvo, som Folket no gjev Skuldi for Uaar og Naud elder ventar Godaar av.

 

Dei hev nok andre aa halda seg til no, maavita. Dei hev baade Storting og Regjering.

 

Men endaa me betalar dei so overlag, og dei driv paa og granskar og grunar og munnhøgg og slæst kvart eit Aar, so vert endaa Tiderne like ille.

Skulde ein daa ikkje banka Trolli, naar dei er slike Tverbløygar?

  

Ja kven er det Folket liter paa no?

 

Her i denne lange Opposisjonstidi var det Stortinget me sette all vaar Lit til, av Regjeringi hadde me berre vondt aa venta.

 

Men daa det vart Umskifte, og stortingslikad Folk kom inn i Regjeringi, vart det reint slutt aa tala um Stortinget; detfekk sulla som det vilde, no vart Regjeringi Augnesteinen og Hjartegullet vaart. Me vontest ein Sylvalder i det minste skulde renna upp.

 

Tykkjest sjaa det ja!

 

Naar noko skulde vera, so var det daa tryggare, den Tid me litte paa Stortinget lell. For daa vart det utrulege Karar av Stortingsmennerne og. Dei kjende Andsvar paa seg, og daa laut dei gjera noko.

 

Men ei Regjering, som stend so stødugt og fast som Plugg i ein Skosaale og berre trur paa seg sjølv og ingen annan, ei Regjering, som er so langt ifraa det ho skulde vera, nemleg ei Røyr, som vert førd hit og dit av Vinden, at ho berre traassar imot og bautar seg fram so lenge Skuta held, det er daa noko snaudt aa lita paa til aa faa gode Dagar.

 

Ei Regjering, som ikkje vinn stort anna enn aa stella med alle dei Fallittbuer, som Stortinget sender henne, og som ho daa fær sine kongelege Kommissjonar til aa faa endaa meir i Ugreide!

 

Fyrst i 80aari var det Staak og Røre i Landet.

 

Daa var korkje Regjering elder Storting mykje vyrde.

 

Folket sette dei Kniven for Strupa og sagde, at gjer De ikkje som me  vil no, so skal det gaa Dykk galet alle saman.

 

Daa fælte alle fredelege Menneskje.

  

Men det var ikkje noko aa fæla for.

 

Folk var uppe sjølve og tok Styringi i si eigi Haand daa. Dei viste ingen aa lita paa.

 

Dei laut lita paa seg sjølve.

 

Daa gjekk det ogso godt, so godt som det aldri hev gjenget her i Norig fyrr.

 

Folkedomen velte ei gamal grunnstød Regjering yver Ende.

 

Men etter det Meistartaket tok dei igjen til aa lita paa andre.

 

Og daa gjekk det galet.

Me hev røynt ymist sidan 1814. Me byrjad med aa lita Regjering og Embætsmennerne; so var det Stortinget; og høgst kom me i 80aari, daa sjølve Folkeveldet kom fram. Men so seig me braatt atti Bakslaget til aa lita berre paa Regjeringi, og no er det berre att eit Stig paa Attergangens Veg, at me ”vender vore Øine imod Tronen”.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum