Langt paa Veg.

 

 

Me var so langt paa Veg til Folkeveldet i 80aari, som vanleg berre hender i Revolusjonar. Ja me var paa ein Maate komne lenger, enn ein kjem i Revolusjonar. For me hadde alt teket til aa skipa elder organisera Folkeveldet.

  

Me hadde fenget eit stort og sterkt Vinstresamlag  utigjenom heile Landet, med Røysterett for alle, ein Repræsentasjon bygd paa annaslag folkelegt Grunnlag enn det gamalvordne Stortinget; med Landsmøte, der det ikkje var noko Livebraud aa vera med, og der Utsendingarne helder ikkje som Stortingsmenner vert utsende paa baae Voner, men utvalde av dei mindre Samlag i Bygd og By og daa for det meste med ”imperative Mandater”, elder soleis, at Sakerne som vert framførde paa Landsmøtet, ikkje vert endeleg avgjorde, fyrr dei var umhandlad i dei mindre Lag. Stortingsmenner derimot kann gjera kva dei vil utan aa spyrja Veljaranne. Gjord Gjerning i Statslivet er det vandt aa faa Attervending paa. Det meste dei utset seg for er aa verta kastad.

Me hadde lagt dei fyrst Grunnar for ein rett Folkeorganisasjon i frie Samfund.  Sameleis lagde me Grunnen til ein folkeleg fri Herorganisasjon, Folket i Vaapen, Folkevæpningssamlaget.

 

Me hadde likesom alt i Orden, ei ny Forfatning og ein forfatningstrugen Her til Vern.

 

Det var berre ein Ting, som vantad – at Høgre skulde gjort Aalvor med Statskupet. Sjølv um det  hadde kostat litevetta Blod, hadde so likevæl Vinningarne vortet større enn Tapet.

 

Um dei hadde sprengt Stortinget, so hadde me havt Vinstresamlaget att. I Ly av Folkevæpningi kunne det hava hevdat seg som Landsstyring og komet til Magt. Me hadde vortet kvitt Kongen og fenget ny Gjerd paa all Ting.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum