Staten.

 

 

I gamal Tid var det nokre faae, som styrde; dei var Staten; dei fleste fekk berre lyda. Statslivet merkad dei ikkje noko til, naar kvar ein stelte seg so, at han berre gjorde det, som rett var. Det var einast, naar ein gjorde noko galet, at han fekk røyna, her var ein Stat.

 

Statslivet kjende han berre som ei Plaage, som eit Band paa Fridomen.

  

Sidan kom det fleire med i Statslivet, det vil segja, det vart gjort Rom for fleire aa koma til Magti. Det vart fleire Statsmagter. Det var ikkje berre Kongen, som kunne hjelpa ein fram, andre Vælstandsfolk fekk og ein Serrett (Røysterett) til aa bera den dei vilde inn i Magti (Stortinget); desse Vælstandsfolk vart daa som ein Millomklasse millom dei raadande og dei lydande; men i denne Millomklassen var det berre dei, som sjølve kunne koma seg upp i nokor Statsstelling, som fekk noko vidare Forandring; dei andre maatte lyda som fyrr utan aa faa vera med i Statslivet paa annan Maate enn aa velja dei, som fekk vera med.

 

Parlamentarismen er langt ifraa aa vera nokor Folkestyring; han er berre eit Brigde paa Eineveldet.

 

Endaa er det eit Mindretal, som byd Fleirtalet gjera sin Vilje. Men sjølv um alle fekk Røysterett, vilde det endaa verta Tvang; eit stort Mindretal, som etter vaare tullutte Valreglar ogso i Røyndi gjerne kunne vera den ”større Del av Nasjonen”, vert kanskje køyrde væl so stramt som i eit godt Einevelde. (Og so alle Umkostningarne daa. Ei parlamentarisk Styresgjerd skal det eit rikt Land til aa halda).

 

Og i sjølve det Fleirtalet, som stend for Styret, er det faae jamvæl av dei megtugaste, som fær sitt eiget heilt fram, elder eingong torer hevda sine kjæraste Tankar, av Rædsle for, at dei skal missa Plassarne sine; og endaa mindre vert det Tale um Sjølvstende hjaa Veljaranne, som let seg hildra av sine Hovdingar. Veljar og Repræsentant vert so bundne av kvarandre paa alle Vis, at jamvæl sterke Karakterar vert øydelagde, naar dei kjem for mykje med i Politikken, og Moralen myglest heiltupp. Der vert talat um ”Tillit” fraa ymse Sidur, men i Grunnen er det mest Mistanke og Gjæting paa kvarandre, som vert Krefterne i Politikken. Der vert sett upp Program, som kanskje berre nokre faae likar, men dei lyt gaa med pa det alle saman, for at dei ikkje skal ”sprengja Partiet”.

 

Tilslutt (i Staden for Program) vert det heile upp i Tale um ”Samhald”, der det ikkje finst noko aa hava Samhald um, og alt vert avgjort etter ”Hensigtsmæssighedshensyn”, det vil i Grunnen ikkje segja anna, enn at kvar og ein søkjer aa koma seg fram so lettvint som det er Raad.

 

For det fyrste er det vanskelegt aa faa ei Sak fram soleis, at eit Fleirtal verkeleg i sitt Hjarta kannast ved og likar Avgjerdi. Det tek og slik ei lang Tid til aa faa ein ny Tanke innarbeidt i Statslivet, naar han skal ganga gjennom so mange Millommenner, at andre og nyare Tankar hev komet fram, naar den gamle endeleg vert stadfest anten i Lov elder einkvar annan Skipnad. Det nye i Staten vert gamalt, og kva skal ein so segja um alt det andre verkeleg gamle Lovdraget baade fraa dette og fyrre Aarhundrad? For ein parlamentarisk Stat er det mest umogeleg aa fylgja med Tidi, Staten set ofte Stengslur for Utviklingi i Staden for aa gjera ho fri.

 

For det andre, naar ei Avgjerd er vedteki, so krev ho Lydnad og Undergjeving av alle, som i Landet bur, Staten spør ikkje det Slag etter, um dei er viljugetil aa gaa med paa det. Han tvingar dei med Vald og Magt.

 

Kann ein daa venta, at det skal kunna veksa upp frie sjølvstenduge og myndige Menn i slike Høve? Kann ein venta anna, enn at det vert Tufs med Moralen? For Folk med To i vert det anten aa traassa elder smjuga, soframt dei ikkje vil draga seg undan alt Samfundsliv so mykje det er Raad, lengtande, tenkjande og arbeidande paa aa skapa nye Tider.

 

Og kor vert det av all onnor Utvikling og Framgang? I det økonomiske t. D.? Det er Staten, som vil hava Magti og tilbyd seg aa greida alt mogelegt. Ja so liter Folk paa Staten og gjev Statsstyringi, Regjering og Storting Skuldi for alle mogelege Mein, elder trur iallfall, at Statsmagterne er dei einaste, som kann skapa ei Vending. Og Framtaket i Folk, ”det private Initiativ”, den megtugste Kraft Menneskja hev, det døyr burt, daa det ikkje eingong fær ei Hjelp og Studning av Staten.

  

Og kann ikkje Staten skapa noko sjølv, so vil han endaa mindre lata dei private Næringsvegjer faa noko til Sjølvhjelp.

 

Nei skal her koma Uppsving i Landet, so maa her verta baade politisk og sosial Nyskapnad.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum