Statsstyring – Sjølvstyring. 


 

Gløgge Russerar hev greidt for aa døma upartisk um parlamentarisk Styring, daa dei ingi hev sjølve endaa, berre traar etter Fridom.

 

Russeren Fyrst Krapotkin  er ein klok og lærd Mann. Han segjer, at han stend saman med dei lengst framkomne Radikale. Kropotkin hevdar at ”Idealet for politisk Skipnad er eit Tilstand, der Styret hev minst mogeleg aa gjera, og den einskilde fær full Fridom til aa taka seg fram og gjennom frie Samanslutningar naa det han treng”.

 

Han segjer, at no hev Folk freistat den repræsentative Styringi paa alle mogelege Vis, og at Lyti ved den Styresmaaten kjem fram meir og meir. Stortingi hev synt seg duglause til aa styra med alle offentlege Greidur. Ved Vali er det raadlaust aa finna Menner, som kann føra Sakerne fram annleis enn etter Partihensyn.

 

Stortingi var ein god Reiskap i Striden mot Eineveldet, men den vidare Utvikling maa ikkje lenger gaa ut paa aa samla og konsentrera Magti, men paa Utbyting og Desentralisasjon.

 

Etter at alle Slag Styregjerder er Freistad, og Folk hev leitat etter ei Regjering, som kunne tvinga den einskilde til Lydnad utan sjølv aa svika Lydnadsplikti mot det heile, so freistar Menneskja no aa fri seg utor alle Styresband og lata Trongen til Organisasjon faa Utslag i fri Samlaging av Folk, som strævar til same Leid. Han veks Trongen til Sjølvstyring jamvæl for den minste Flokk og den minste Landslut; fri Semje kjem i Staden for Lov, og fri Samverking i Staden for Regjeringi sin Formyndarskap. Den eine Greida etter den andre, som berre Staten hev stelt med fyrr, vert gjevi fri, Samfundet rører seg best, di mindre det vert styrt. Og di meir me ser etter det Framstig i den Leidi, som vert gjort, og vert var Dugløysa hjaa Styringarne til aa gjera Fullnad for dei Voner, som vert sette til dei, di meir nøydest me til aa slutta, at Styringi smaatt um Senn vert fraateki mest alt ho hev aa gjera, so at ho paa Slutten vert standande tomhendt, og me ser alt den Tidi, daa Kvarmans Fridom ikkje vert innknipt av Lovar elder Band – ikkje av noko anna enn av hans eigne sosiale Vanar og den Trong, som kvar kjenner, til aa finna Studning, Hjelp og Samhug millom Grannar”.

 

Noko sameleis segjer den engelske Tenkjaren Herbert Spencer:

 

Den Samfundsform, me gjeng imøte, er slik, at Styringi  vert innknipt til det minst mogelege, og Fridomen  vil stiga til det mest mogelege”.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum