Ymist.

 

 

Lat oss faa sett av Embætsmenner  som ikkje duger, krev dei i fleire Blad.

  

Som det no er, er det berre Statsraadar, Bispar, Amtmenner, høge Ofiserar og Departementsfolk, som kann setjast av.

 

Men er det ikkje tenkjelegt, at laagare Embætsmenner og kann vera duglause.

 

Alle ”Bestillingsmenner” kann setjast av. Lat det so verta likt for alle, som er i offentleg Teneste.

 

Set ned Kongeløni  fraa 333,000 Kr. til 150,000 Kr. krev Nordtr. Endaa vilde Kongen tena som 1000 andre. ”Kongedømmet vilde bli kjærere for Folket, om det blev billigere.”

 

Men trur daa ikkje Hægstad, at Kongen vart endaa kjærare for Folket, um han sluttad aa vera Konge? Vart ikkje det endaa billegare? for slik grunnrik Mann slapp me aa gjeva Pensjon?

 

Kvifor krev han so ikkje det, som ligg so beint til, at me skal segja upp Kongen? Det einast er greid Politikk.

 

Som Herren er, so fylgjer Sveinarne.  Lat oss slutta med aa tala um vaar daarlege Regjering, so lenge som me hev eit endaa daarlegare Storting. Kva ein so segjer, maa no alle medgjeva, at Regjeringi er mykje mindre duglaus enn Stortinget, som mest gjer inkje noko.

  

Verdens Gang”  høgg me ofte etter. Folk spør kvifor? Fordi V. G. er det beste Blade, det hev Utviklingsevne og strævar paa alle Vis aa tyna dei laake Frukterne av sitt fyrre Arbeid, fraa den Styvingstidi, daa Bladet trudde paa Sverdrup, Jacobsen og Oftedal.

  

Me hev sanneleg ikkje anten Rom elder Tolmod til aa skjennast so mykje med Kjeftaukarne millom Høgre og Oftedølerne elder handsamast med Vaverhorn som Kristianiaposten. Me trur, me fortener oss Retten til aa faa vera grove mot Vener og Ungdom, naar me er fine mot Motstandarar og Gamlingar.

 

Prostitusjonen  skal no innknipast paa den Maaten, at det skal ikkje faa Lov aa vera meir enn ei Skjøke i same Huset. Tru dette hjelper? Men det er Von til, at Departementet vil stiga lenger, naar det lid paa, so at det altso no skulde vera paa ein god Veg til aa hevda Loven.

 

No maa kvar Maalmann, som ikkje fyrr hev ho, kaupa ”Heimskringla”, umsett av St. Schjøtt. 4 Kronur for ei sovori Bok er reint Røvarkaup. Sjaa Tillegget.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum