Ymse Prestar.

 

 

Ein namngjeten Prest i Berlin, Knaak, segjer endaa, at det er ikkje Jordi, som snur seg kringum Soli, men det er Soli som gjeng – 400 Aar etter Kopernikus og 300 Aar etter Gallilæi si Tid. – Og han er ikkje den einaste, som er vreisten mot Vitenskapen. Ein teologisk professor i Bonn hev freistat paa aa prova, at Bileams Asen verkeleg hev talat som eit Menneskje sameleis som Ormen i Eden. – Joh. Grosse skriv i den teologiske Tidsskrifti si um den Trui, at Jordi ledar seg: ”At Soli gjeng, er ikkje ei reint menneskjeleg Lære, men skire Sanning. Men at Jordi skulde røra seg, er berre ei Meining, som er komi fram av Hat til Bibelen og Gud. Den gudlause Verdi vil øydeleggjast, fyrr slikt vert provat, for Prov paa slik Lære er likeso umogeleg som ei Lygn av Guds Munn. At Jordi ikkje rører seg, men Soli gjeng, hev Heilagaanden lært oss i Salme 119, 90 og 19, 6-7”.

 

Ein engelsk Teolog gjeng endaa lenger, for han segjer, at Jordi ikkje er rund ein Gong, men flat, og London er midt paa Jordflata, og Soli er ikkje meir enn 100 engelske Miler ifraa Jordi. Han hev jamvæl lagat eit Kart etter sitt eiget Hovud og sendt til det geografiske Selskap i Berlin. Ein lærd Teolog i Kanada er likeso vitlaus, han heldt nyleg eit Fyredrag i New-York og sagde, at han ikkje vilde negta at Soli var rund, men at ho gjekk, det var klaart for alle, som hadde Augo til aa sjaa med, allvist naar ein brukad Kikar. Han viste elles Folk til Malakias og Josva. Var Jordi rund, sagde han at Folk stundom laut staa paa Hovudet, ”men er det nokon av dei, som høyrer paa meg, som kann minnast nokor slik Stelling?” ”Nei det trur eg ikkje; Jordi er flat ho og hev fire Hyrne, det er mi Tru, for Bibelen talar ogso um, at Vinden kjem ifraa dei fire Hyrne paa Jordi”.

 

Og slike Menneskje, som er so reint uvitande um all Vitenskap, fær Lov til aa preika fraa kristelege Lærestolar!

 

Daa dei veit, at Upplysning og Framstig vert til Mein for Magti deira, so stengjer dei Vegen for alt slikt. Daa dei byrjad med aa innføra Undervisning for dume (døvstumme) i Tyskland, var det Prestarne, som sette seg imot det. Dei sagde, at det var Guds Vilje, at den som var fødd dum, ikkje skulde læra noko. I Skulen vil dei raada og likeins i Vitenskapen. Og mange Stader hev dei grunnfest Magti si og gjort Tusindvis av sine Medskapningar til hjelpelause Trælar.

 

Allvist hjaa Kvendi hev dei raadt mest som dei vilde. For Kvendi gjeng meir etter Kjenslurne enn etter Vitet, dei kann so snøgt snakkast upp med fagre Ord. Um dei berre viste sjølve, kor mykje dei heng i Stakken paa Prestarne, so vilde dei slutta med det. Kor ofte er ikkje eit godt Ægteskap millom Mann og Kone, som ikkje hev den same Trui, vortet øydelagt av Prestar, som lagde seg imillom. Ja mange fagre Forhold hev dei øydelagt med aa yppa Strid um Trui.

 

I Politikken raakar ein fraa fyrst av Prestarne som mjuke Tenarar for Styringi. Idag preikar og bed dei for Kongen elder Keisaren, men kjem det ei onnor Statsgjerd, vert det ikkje lenge, fyrr dei preikar og bed likeso trutt for Præsidentar. Dei er alltid Tenaren av ”det bestaaende”.

  

(Or ”Fremtidens Troesbekjendelse”).

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum