[Kristiania, den 2dre Des.] Eit Arbeidarblad

 

 

hev voret mykje paa Tale her i Byen. Det er tvo fyrr; men daa baae gjeng med Tap, hev dei tenkt paa aa slaa dei saman til eit, som dei daa trur vil koma til aa bera seg.

 

Det er berre godt dette, tykkjer me. Dei Blad, som nærast, gjer Krav paa aa vera arbeidarvenlege, Blad som Kristianiap. og Verdens Gang  er ikkje heilt aa lita paa i Striden millom Arbeidaranne og Storfolket. Desse Blad hev altfor mykje Studnad av Storfolk til at ein kann venta eit trottug Arbeid for dei smaae. Dei hev gjort mykje godt i Fridomsarbeidet, men det vilde vera formykje aa venta, at dei skulde vera med, naar Arbeidarkravi for Aalvor kjem fram.

 

Me vil ikkje driva Standpolitikk, det veit alle, som kjenner oss. Men so lenge me hev ein Underklasse og ein Yverklasse, so vil me hjelpa til aa jamna somykje som mogelegt. Skal Arbeidaranne koma upp or Faakunna og Stakarsdomen, maa dei faa seg eit Blad, som kann tala deira Sak, tala so Folk høyrer og vyrder det, som vert sagt.

 

Det hev dessverre synt seg, at dei Folk, som no er i Styringi, ikkje brydde seg um Arbeidaranne lengre, enn til dei sjølve kom upp. Daa det var gjort, var Venskapen ute. I dei tri Aari, som sidan er gjengne, hev det voret stelt væl for Embætsfolk og andre Storfolk, medan det ikkje hev vortet gjort det minste for Arbeidaranne. Arbeidarkommissjonen med ein Amtmann til Formann skal visseleg ikkje andre enn Medlemerne hava Nytte av.

 

Det er difor sjølvsagt, at Arbeidaranne no tek til aa lita paa seg sjølve, og at dei arbeider for aa faa eit Bald, som kann tala deira Sak. Det er naturlegt, og det er væl. Me vil berre ynskja, at det kjem so snøgt som mogelegt og at Arbeidaranne maa sanka seg kring det. Daa vil Arbeidarsaki koma til aa veksa utrulegt.

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum