[Ymist.] Fraa Utlandi.

 

 

Fedraheimen  hev berre soleis ender og Gong havt Stykkje fraa Utlandi. Me hev voret so upptekne med det, som for seg gjeng her, at alt anna liksom hev komet paa Slump. Heretter vil han so stutt og greidt som mogelegt fylgja med og fortelja um alt nytt og stort, som hender i Heimen.

 

Ugreida i Frankrik vart større enn ein fraa fyrst skulde hava tenkt. Daa me sist hadde noko um dette, stod det enno berre soleis, at det var nokre Offiserar og Kvinnfolk, som var med, og at naar dei vart tekne, vilde alt verta væl. Men det hev komet anna for Dagen sidan. Det hev synt seg, at Svigersonen til præsident Grèvy var den verste i heile Fantehurven. Han hev snydt Riket for mange Pengar baade paa den eine og andre Maaten, so det kunne ikkje vera Tale um aa berga han. Det verste er, at han hev dreget Præsidenten med seg, so denne no maa taka Avskil, fyrr Præsidenttidi er ute.

 

Fyrst gjekk Styringi (Rouvier) og no hev det vortet danat ei ny til aa styra Landet so lenge det ikkje hev Præsident.

 

Grèvy sjølv hev alltid voret ein endefram og ærleg Mann, so dette er ein hard Støytt for han no han er so gamall.

 

Kven vert no Præsident? Ja, det er det store Spursmaalet, som ingen enno hev nokor Greide paa.

 

- Den tyske Krunprinsen er sjuk enno og det er visst liti Von um, at han held det lenge til. Døyr han, vert det sorgsamt for Fredsfolket i Europa. Denne Krunprinsen er nemleg onnorleis lagat enn flestalle andre Fyrstar. Han likar aa halda seg i Fred og Ro og faa stelle med andre Ting enn Soldatar og Krig. Han er Fredsmann, og det er Von um, at Freden kunne haldast vedlike i Europa, fær han liva. Eldste Sonen hans er derimot Krigar og difor kjem det an paa Strupehovudet til Krunprinsen, um det skal verta Krig elder Fred. Russarkeisaren var innum i Berlin, daa han reiste attende fraa Danmark. Det vart daa uppklaarat, at ein elder annan Fanten hadde voret ute og gjort Fals i Papiri hans Bismarck. Russarkeisaren var svært kallvoren av seg daa han møtte Bismarck og synte han nokre Papir med Namnet hans paa, der det synte seg, at B. hadde gjort alt mogelegt for aa faa Krig med Russland. B. kjendest ikkje ved Papiri, som dei trur er skrivne av franske Umveltningsmenner.

  

- Høgrestyret i England gjer det eine galne Stiget etter det andre. Hittil hev det haldet seg i Irland med Tvangslovarne sine, no hev det byrjat i sjølve London.

  

I ein Storby som London er det mange arbeidslause kvart Aar. Det gjeng store Flokkar, som ingenting veit aa taka seg til og som hev det verre enn Dyr, medan dei store Lordarne knapt veit kva dei vileta. Desse arbeidslause hev hittil voret vande med aa samla seg i store Tog, som gjeng avstad til ein av dei store opne Plassarne, der det vert haldet Talar o. s. fr. Trafalgar Plassen hev voret mykje brukat soleis; men no hev Politiet forbodet Folk aa sanka seg der. Her ein Sundagen vart det reint til Krig millom Arbeidaranne og Politiet. Mange vart saarad og Politiet bar seg aat som vilde Dyr. Dei hogg ikring seg med Sablar og ansad ikkje, kven dei raakad paa. Dei frilynde engelske Bladi er reint ute av seg av Sinne yver dette Valdsstyret, som no raar i England. Ingi Styring hev fyrr vaagat til aa setja seg so upp mot den personlege Fridomen som den noverande. Folket hev fenget Lov til aa sanka seg i Hyde Park, som og er ein greid Plass; men ikkje so gild som den andre.

 

I Danmark hold Bjørnson paa med Fyredrag um Sedskapsspursmaalet – ”Engifte eller Mangegifte”, han kallar – og mykje Folk dreg han til Møti, ser det ut for. Dei er glade i Bjørnson, Danskarne, likso glade som me er.

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum