[Ymist.] Fraa Valdris.

 

 

Kvar ein fer um Dagen høyrest slikt eit Braak um han ”Jakob” ogso han ”Lars”, og det er ikkje fritt for anna, hell dei spøkje like heruppi Valdris-krokarne med. Dette Staaket kalla dei Politikk. Eg kann ikkje forstaa, kor det kjem so uboteleg mykje Politikk ifraa. Det er no vist denne stakkars Politikken si Skuld, at det er so trong Tid paa alle Kantar. Eg hev no ikkje betre Greide paa Tingen enn at eg meiner det gjekk an aa liva forutan slik Ugreidsla; men det vart vel mange matlause daa med, for det er vist so mange, som ikkje orkar arbeida, at dei kann ikkje verta Prestar alle held, difor lyt dei vel hava Politikken. Til denne Tid so hev dei no berre talat um Høgre og Vinstre; men no ser det ut til, at det vert halv Høgre og halv Vinstre med.

 

Eg er no berre ein Arbeider eg – eg høyrer vist ikkje Folk til; for etter mi einfalduge Meining so er det stor Forskjell paa Arbeidarar og Folk. – Eg hev høyrt at Folket kann laga sine Lovar, og Folk kann velja sine Tingmenner – og mykje meir. – No hev ’kje me Arbeidarar ei Bøs med nokor av dessa. Me kann korkje laga Lovar elder velja Tingmenner. Høyre me daa Folket tel? – Eg spør! - Ja det er no altid mangeslags Folk til, men – me er daa iallefald ikkje av det rette Slaget. –

 

Me Arbeidaranne høver korkje til Høgre elder Vinstre, tykkjer eg. Ja eg for min Del vil no ikkje vera Høgremann, men jammen tykkjer eg det lite halv Bit vera Vinstremann med. Eg meiner at baae Partar hev oss til Narr.

 

Naar ein fin Høgremann raakar ein Arbeider, so skrik han yver seg um dette Vinstrepartiet og segjer, at dei vil ikkje Arbeidaren anna enn berre vondt; men Høgre vilde no so innerleg gjerne hjelpa Arbeidarne, berre ikkje denne Vinstrehørje stod i Vegen. Kven kann daa undrast paa, at Arbeidaren blir so sæl, at han staar med Huvun i Haanden takka og læt væl, og ynskjer at heile Vinstre maa forgaa so at Høgre kunne faa Learom til aa greida paa Tingen.

 

Naar ein Vinstremann treffer ein Arbeidar, so blir det same Leksa, daa er det berre Vinstre, som vil og kann hjelpa Arbeidaren, og det er kvar ein si Plikt aa støtta Vinstre. Dette tykkjer eg lagar seg so snodig, at eg kann ikkje anna enn bli harm paa baae Flokkarne.

 

Koss tru det var, um alle me Arbeidarar vart samde um aa skapa ei Foreining og gjeva den eit ”stort” Namn. Eg trur me vart so mannsterke, at me kunne prøvast med baade Vinstre og Høgre – ja kunne me eggja dei til aa taka eit ”realt Broketak” med oss so – ja eg trur det gjekk bra _.

 

 

Svein Træskjari (Samhold).

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum