Eit visnat Skot.

 

(Del 1 av 4.)

 

Nede ved Strondi i Jordbotnen hadde det i den siste Mannsalderen reist seg eit litet Torp med Hytter og Baatsnaust. Det var fraa fyrst av Jæktemenner og Fiskarfolk, som hadde sleget seg ned der i ”dei gode Aari”, daa dei rike Vaarsildfiske og gode Fragter førde Velstand like inn i dei innste Fjordar, men sidan den gode Fortenest slog feil, var Torpet vortet det same som so mange slike Samlingar av Graahytter: den verste Tyngsla for Fatikkassa i Bygdi. Og Ukrudt forgaar ikkje: so langt ifraa, at Torpet minkad burt, daa det no ikkje længre kunde føda seg sjølv, hadde det aldri synt meir Livskraft til aa formeira seg.

 

Der laag Flokkar av fillutte, skitne Ungar som svarte Kraaker kringum paa Strondsteinarne og paa Haugarne, og inne i Hytterne lyddest der Kvining og Graat fraa smaa og nyfødde. Det huset, som fraa Aar til anna hadde gjevet det største Tilskotet til denne Rikdomen paa Ungar var eit, som stod innanfor den tettaste Krullen. Det tilhøyrde Torbjørn Fiskar og Ragnhild, Kjeringi hans. Det var litet og laagt og saag halvrotent ut, der det stod utan Bordklædning og med nedsigne Torvtækkjer, og det var utrulegt, korleis heile ”Familien” kunde faa Rom i det. Ragnhild hadde for det fyrste tvo Ungar, daa ho vart gift, og sidan hadde ho boret til Verdi sju – fulle sju og Jentungar allesaman. Det trongnad for Rom, men det trongnad endaa meir for Mat, og det var so mykje verre, sidan Mannen brukte likso mykje av det, han fortente, til aa fylla seg, som til Hjelp for Kjering og Ungar. Han hadde likt aa drikka fyrr og; men det var ikkje vortet so mykje av, for ein ny Landhandlar tett ved tok til aa selja Øl i Smug. Daa vart Torbjørg Fiskar førd heim som eit Svin, so titt han hadde havt noko aa kjøpa for, og hadde han ikkje noko paa onnor Vis, so stal han, vart der sagt. Han skulde tilslutt paa Straff; men daa kom han burt ute paa Fjorden ei Stormnott. Dette hende just som Talet sju av ektefødde Ungar var fullt, og der sat Kjeringi att med heile Hopen.

 

Ragnhild var eit stort, breidt Kvinnfolk med svære, knokutte Nevar og likeso knokutt Andlit. Paa Haka hadde ho litt myrkt Skjegg, og ho hadde eitpar Rivtenner i Yvermunnen, som kom tilsyne, naar ho snakte elder log. Men so stor og hardfør ho enn var, so var det ikkje aa venta, at ho skulde kunna berga seg med heile Flokken, ho sat med. Somykje minder var det aa venta, sidan ho synte meir Hug til aa nytta Tidi til Ufred og Trette, for ikkje aa segja til Hogging med Rivtennerne, mot Grannekjeringarne enn til Arbeid. Solengje Mannen livde, hadde ho hjelpt til med Tigging; men no kunne ikkje det forslaa stort lengre. Der var daa ikkje onnor Raad, enn at Fatikkassa maatte føda heile Yngelen. Det steig til det utrulege alt det, Bygdi maatte yta til dette Huset i Havremjøl og sur Mjølk; men likevæl var det alltid forlitet. Millom alle dei ni var der eitpar Tvillinglag, og baae desse hadde Rivtenner liksom Mori. Tjukkfotne og storlemade var dei ogso som Mori, og glupske var dei som um dei hadde Rivtenner til aa gripa til seg med allesaman. Mori bannad paa, at dei snart kom til aa eta Livet av henne. Men so underleg kom det til aa ganga: det var likevæl ikkje alle desse Storetaranne, som skulde verta mest plagesame for henne. Dei lærde tidleg aa ganga burt til Grannehytterne og aa springa kring Strondsteinarne som Kraakur, so ho var kvitt dei det meste av Dagen. Nei, den av Ungarne, som vart mest plagesam, var den nestyngste av heile Flokken, eit jammerlegt, litet Tingest, som slettikkje kunne eta. Det var vesle Katrin, og ho var ikkje lik dei andre. Ho var fødd framme mot Hausten etter ein Vinter, daa Faren hadde havt betre Fortenest og svirat meir enn vanlegt, og Mori hadde svoltet og leget i Slagsmaal med honom meir enn vanlegt. Daa Jentungen kom til Verdi var ho so liti, og det piptad so ynkelegt i henne, at der var Von um, at ho kunde slokna. Men nei, det slapp ein nokk for. Kræket livde, og ho, som Mor var, fekk merkja, at det livde. Dei andre Ungarne hadde ikkje haldet paa aa skrika i stort lengre enn fem Maanar. Denne heldt derimot paa med ein ynkeleg Jammerslaat i aarevis. Berre ein stakk ein Fing burt paa henne, jamrad ho seg likeso sterkt daa ho var seks Aar, som daa ho var eit; for ho var sjuk og saar yver heile Kroppen. Og just dette, at der skulde so litet til for aa faa Laat og Graat i huset, var ei æveleg Freisting for alle dei andre Ungarne til aa stikka ein Fing burt paa Kræket. Dette hadde Pryl og nye Uppstyr til Fylgje, og naar Ragnhild prylte, gjorde ho det, so det kunde minnast. Heile Flokken viste, at dei maatte lida dette for Kræket si Skuld, som jamrad seg for ingenting. Til Hemn reiv dei so mykje verre burt i henne, naar det kunde gjerast strafflaust, elder grein aat henne, so ho skræmd gøymde seg bak Omnen. Soleis heldt det paa, til ho var paa niende Aaret, og Omnskroi var snart det visse Gøymslet hennar. Kom ho ut, so var det alltid nokon, som hadde Moro av aa grina aat henne elder slaa henne i koll, og so bar det inn att med Jammerslaat til Sætet bak Omnen. Mori svor paa, at ho vart øydelagd i Hovudet av aa høyra paa alt dette Kvinet, og ho trødde i Golvet so det skraldad i Huset. Dette hjelpte nokk mot Jammerslaaten; men so byrjad der ei hiksting, som ikkje var betre. – Soleis stod det, daa der ein Sumar kom Skarlagensfeber i Torpet. Ungar døydde som Flugur burtetter Hytturne, og Sjukdomen kom snart til Ragnhild og. Dei seks yngste laag snart til sengs. I sume burte det, i andre var det berre so vidt det leet; men ingen sloknad. Liksom Katrin var somykje veikare enn dei andre, soleis tok ogso Sjukdomen so mykje verre paa henne. I ei Vike kunde ein ikkje høyra Mæle i henne, og i mange Vikur kom der berre ein Skvett søt Mjølk og smaa Kronglemoler i henne. Ingen skulde tenkt, at ho kunde standa det yver, og likevæl gjorde ho det. Livet hang, og Kræket kom sistpaa attende til Sætet sitt i Omnskroi. Hadde det voret utrulegt fyrr, at ho var Syster aat dei andre Ungarne i Huset med tjukke Kjakar og endaa tjukkare Lipper og Augnebryner, so var det endaa utrulegare no. Ho var graableik, Kjakarne var innholade, so Andlitet saag endaa smalare ut enn fyrr, og dei store Augurne med blaa Ringar ikring saag mest ut, som um dei laag utanpaa, - Folk sagde, at det var det fyrste, den harde Mori vart vaat i Augurne av, naar ho fortalde um, kor nære det arme Tinget var til aa sleppa av, men likevæl maatte upp att. Systrarne totte helder ikkje, at ho saag slik ut, at det var noko Moro i aa prille i henne lengre.

 

Ho fekk sitja i Fred; men so saag det ogso ut til, at ho skulde verta sitjande slik. Ho sat uppe att; men endaa vilde ho ikkje smaka Mat, utan ho fekk Mjølk og Kringlemolar; men det hadde Huset so litet av. Fekk ho ikkje det, so byrjad den piptande Jammerslaaten att. Mori bannad og kunde i Lengden ikkje høyra paa slikt. Ho maatte av aa tigga um Hjelp, skulde Ungen ikkje slokna. Soleis gjekk det ein heil Vinter, men i staden for aa koma seg noko av alt Strævet for hennar Skuld, saag Kræket berre styggare ut. Det kunde ikkje vera anna enn Vrongskap, at ho ikkje vilde eta av same Slaget som dei andre, sagde Mori. Daa det ikkje førde til nok aa banna Graut og sur Mjølk i Ungen, tok ho ein Dag inn eit stort Ris. Vatnet sprang fram i Augurne aat Katrin. Ho vaagad ikkje aa kny, daa ho vart rivi burt aat Bordet. Ho vaagad ikkje anna enn aa eta, medan Mori svingad Riset yver Hovudet hennar, men daa ho hadde teket i Skeidi nokre Gonger, kastad ho alt burtyver Bordet att og sparkad som eit Troll.

 

Hadde eg ikkje visst det fyrr, at det var berre Vrongskap, so maa eg vita det no!” ropte Mori, og ho lyfte Ungen etter Haaret og brukte Riset. Men det synte seg dessverre snart, at det var ein faarleg Ting aa tukta Kræket. Det piptad slik, at det ikkje var godt aa vita, um det heldt paa aa slokna elder ikkje. Og so ynskjeleg ein Ting dette enn kunde vera, so var dette just ikkje den mest ynskjelege Maaten det kunde skje paa. ”Sitt til du svelt ihel daa!” ropte Mori, og ho svor paa, at ho ikkje lengre gjekk og tiggad for det vronge Kræket si Skuld. Til det kunde Ungen ingjenting segja. ”Og vaagar du aa byrja med det Skriket ditt att, so Gud hjelpe deg!” sagde Mori og svingad Riset att. Dei andre Ungarne grein, og Katrin vaagad ikkje aa kny. ”Lat oss no sjaa, kor lengje du held det ut!” sagde Mori og log haast.

 

Katrin hadde ingen Ting aa segja til det. Ho sat og skolv for Riset og stirde framfor seg. Men ettersom det leid framyver Dagen, vaagad ho aa sjaa lengre og lengre fram og sistpaa heilt upp paa Mori, og dei store Augurne, som saag ut som um dei laag utanpaa, fekk ein underleg stirande Glans og rann fulle av Vatn. Mori lest som ho ikkje saag det. Jentungen skreik ikkje, ho hikstad ikkje, ho gjorde ingjen Ting til aa skjenna for; men likevæl kunde Mori ikkje lata vera aa mumla ein Eid. Paa nytt Lag sat ho, som um ho ikkje saag Ungen; men det var likevæl ikkje lengje, fyrr ho svor att og reiste seg upp. Det var Jammer, naar Ungen skreik – og likevæl var dette verre. Og anten det fanst i Huset, elder ho maatte av aa tigga, so maatte ho skaffa noko aat Kræket, um det so var berre ein turr Kakebit. Skjelvande kraup Ungen bak Omnen med Maten sin. – Det var likevæl ikkje alltid det gjekk sopass heldugt helder. Der kom Dagar, daa Mori var ute paa Ferd elder gjorde seg god Tid burte i nokon av Grannestogurne – der kom Dagar, daa dei store Augurne hennar vart fulle av Vatn, so det rann nedetter Kjakarne, og den einaste Fylgd av dette var, at Systrarne fekk Hug til aa stikka paa henne att. Den einaste Utveg var daa aa ryma ut og gøyma seg nedanfor Baatsnausti; for det var til all Lukke vortet Vaar og Solskjinn att, og varmare ute.

 

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum