Forslaget til ny Skulelov. 


 

(Del 1 av 2.)

  

Skulekommissjonen er no ferdig med Innstillingi si um Lov for Folkeskulen i Bygd og By, og Forslaget er sendt til Regjeringi.

 

Skulen paa Landet skal etter dette vera paa 7 Aar, for Born millom 7 og 14 Aar. Og naar Heradstyret gjeng med paa det, kann ein faa Skule heilt til det 18de Aar til Grunnfesting og Utviding av det ein lærer i Barneskulen. I kvar Skule skal det vera tvo Avdelingar, Smaaskulen(7-10 Aar) og Folkeskulen(10-14 Aar). Ein Skulekrins kann bytast i fleire Smaaskule-krinsar. Undervisngstidi skal vera 12 Vikur for Aaret, men etter Forslag av Skulestyret kann Krinsen vida det ut til 15 Vikur.

 

Um Fyremaal og Stell i Folkeskulen.

 

Skulevika skal reknast for 30 Undervisningstimar i Smaaskulen og 36 i den høgre Avdeling. Naar det er meir enn 35 Born, skal det vera serskild Smaaskule, er det millom 35 og 20, kann dei ganga saman i 6 Vikur, er det under 20, kann all Undervisningi ganga saman; er det under 12, kann Skuletidi setjast ned til 9 Vikur.

 

Læreemni er:

  

I Smaaskulen: Kristendomskunnskap, Norsk, Rekning, Skrivning og Song. I den høgre Avdeling attaat dette: Geografi og Historie (hermed Kjennskap til borgerleg Samfundsstell), Naturkunnskap og Grunndrag av Helselæra og, so vidt mogeleg, Haandarbeid, Lekemsøving (Skjoteøving ogso) og Tekning.

 

6 Vikur for Aaret umframt kann brukast til Friskule med umlag same Læreemne som i Folkeskulen.

  

Det skal vera Eksamen og Karakterar kvart Aar.

 

Maalet for Lærnaden i Kristendom skal vera god Kjennskap til Bibelsoga og noko Kyrkjesoge, og den evangelisk-lutherske Tru- og Sedelære.

 

Det skal vera serskilt sjøvleigandes elder leigt Hus til Skule. Det er berre, naar det er mindre enn 20 Born i Krinsen, at Skulen kann vera paa Umgang.

 

Skulepligt.

 

Det maa vera Sjukdom elder annan fullgod Grunn, skal Skulen forsømast. Elles maa Foreldre elder Husbønder bøta 1-25 Kronur. Fabrikkeigar elder Arbeidsherre, som ved Arbeid hindrar Borni fraa Skule, bøter heilt til 100 Kronur.

 

Lærarpostar i Folkeskulen.

 

Lærarpostarne skal vera paa minst 24 Vikur for Aaret. Det kann brukast Timelærarar i Song, Gymnastikk, Tekning og Haandarbeid.

 

Amtstinget set fast Lagmaalet for Løni, for Lærarar, som hev baade fyrste og andre Avdeling, og serskilt for Lærarar, som hev anten berre fyrste elder berre andre. For Lærarpostar i høgste Avdeling ikkje mindre enn 12 Kr. Vika og for Postar i Smaaskulen ikkje mindre enn 8 Kr. Etter Innstilling fraa Skulestyret i Amt og Herad hev ogso Amtstinget aa setja fast Alderstillegget (etter 5 og 10 Aars Skuling). Amtstinget avgjer ogso Laagmaalet for Kostpengar og Husleige.

 

I kvart Herad skal det vera minst ein Lærarpost med Husvære til Fameli, Jord til aa føda tvo Kyr og ein Hageflekk. Vil Heradet skaffa Jord aat fleire, skal ikkje gjerast Avslag paa Løni deira for det.

 

Ingen kann verta Lærar, fyrr han er 20 Aar, han maa tala Landsens Maal og elles vera alt det som i § 92 i Grunnloven krev.

 

Til aa verta Lærar i den 2dre Avdeling krevst det Eksamen ved ein Lærarskule (offentleg elder Privat) elder ei tilsvarande Prøve elder Studenteksamen og ei praktisk Prøve. I Staden for praktisk prøve kann det vera nok, naar ein gjev god Vitnesburd um, at ein hev voret Lærar fyrr.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum