Kristiania, den 2dre Des. [Sedugskapsforeiningi]

 

 

Sedugskapsforeiningi  totte ho var altfor god til aa taka mot dei Pengarne, som kom inn ved Møtet hans Garborg. Han hev fenget dei sendt attende. Politiet tok kannhenda imot dei og saag til, at dei vart brukad til Gode for dei ”ulukkelegaste av alle Kvende”; Sedugskapsforeiningi kunne ikkje gjera det.

 

Aleksander Kielland fortel i ”Else” um ei Hjelpeforeining ”for trængende Barselskvinder”. Politimeistarfrua hev den gilde Protokollen og tykkjer det er reint gildt, so lenge det ikkje stend paa. Men lenger kjem ho helder ikkje.

 

Likeins er det med Sedugskapsforeiningi. Difor kjem han aldri til aa verka noko helder. Grev seg lengre og lengre ned i Myri, og til sist er han ute av Livet.

 

Folk, som skal kunna taka eit Tak i Livet, maa vera nervesterke. Ikkje berre sitja heime og rugga i dei uppvermde Stovurne, for det vert det berre Daud av.

  

Garborg maatte seinare ganga baade lenge og væl, fyrr han vart av med Pengarne. Korkje Politiket elder Fatikkassa vilde hava dei. Formannen i ”Fængselskabet” tok til sist mot dei.

 

 

Attpaasnakkk um Skulebøker paa Landsmaalet.

 

Etter som me hev fenget Spurlag paa, hev nok ikkje Kyrkjedepartementet so mykje Skuld i denne Ovdrygsla med ABC-boki, som me tenkte.

 

Alt tidleg i Vaar vart det send Bod um, at Boki skulde trykkjast, og Seinkingi etter den Tid er ikkje Departementet Skuld i.

 

Med Umsyn paa Maalformi skal ogso Forfattaren hava sinn Meiningar, som ein ikkje so heilt kann fara utum.

  

Me vil i det heile velta noko meir av Skuldi paa Samlagstyret – der Bladstyraren sjølv er Medlem – fordi det ikkje var ute i rett Tid og fekk driva retteleg med Sakerne.

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum