Kvendi talar.

 

Paa Ordskiftemøtet um det sedelege var det ei Kone og ei Gjente som talad.

 

Fru Vullum.

 

Lat oss ikkje døma for braatt um kvarandre fyreaat, lat oss talast ved, me hev set kor det trengst, so me lærer aa kjenna og skyna kvarandre, og me vil nærma oss Stig for Stig.

 

Folk segjer: anten elder; anten  heilt Avhald elder  det Stellet, som no er. Det er Ulukka; me kjem ingen Veg med dette. Me maa vera nøgde, um me kann skrida fram til det betre med stutte Stig. Elles berre eggjer me oss upp og vert motlause og gjer ingen Framgang.

 

Det var ein Gong ein Stakar, kom til Grundtvig og klagad seg for, at han var so øydelagd av Tobak. 12 Sigarar røykte han um Dagen og var ikkje god til aa slutta. Grundtvig sat og grunad paa dette med seg sjølv eit Bil, so spurde han lognt: hev De freistat med 11? Lat oss gjera likeins, ganga fraa 12 til 11, fraa 11 til 10, det er betre enn aa standa still. Lat oss ikkje blindast av Framtidsyner, lat oss sjaa paa, kva det er aa gjera no i dag. Lat oss arbeida imot Prostitusjonen og for større Fridom til aa skiiljast.

  

Elskar tvo kvarandre rett, vil det nok visa seg, at dei kann halda Livet ut; nettupp naar det vert meir fritt for dei, som elskar kvarandre, til aa koma saman, vilde det verta fleire og fleire dragande Fyredøme; men ho forstod so godt, at di sannare Krav Folk sette til Samlivet og di meir dei lærde aa tenkja elder reflektera yver slike Forhold, vilde mange tykkja fælt og vaagsamt, ja heiltupp avskræmelegt og stygt i aa lova seg burt for heile Livet. Difor maatte ein ha større Fridom til aa skiljast, skal ein kunna setja tidlege Ægteskap upp imot Prostitusjonen.

 

Det kann nok vera mykje leidt med dei tidlege Ægteskap ogso. Men me er no ikkje so hepne, at me hev Valet millom det daarlege og Idealet, men millom det som er meir elder mindre fullkoment, det som er meir elder mindre daarlegt.

 

Ho vilde segja aat alle unge Gjentur, at dersom ho elskad ein Gut, som var glad i ho att, so fekk dei helder slaa seg hop med mykje mindre krav, enn det fyrr hev voret haldet for naudsynlegt. For det kunne ikkje tenkjast noko verre enn det som no er, at ein Gut, som elskar ei Gjenta, held alt vondt og leidt burte fraa ho, og so gjeng til den tridje, som ikkje var vyrd som eit Menneskje men var som eit Millomslag millom ein Ting og eit ”Begrep”.

 

Til Slutt vilde ho avløysa og avsanna Nissens Ord um, at so faae Kvende var reine, fyrr dei vart gifte.

 

Kitty  Kielland.

 

 

Det er ikkje til aa høyra paa, det Doktor Nissen sagde, at berre 10 av 100 Kvende hev sanseleg Drift, ei slik Ovsegjing er Fornærming imot Kvinna. Det kann nok henda, at slike Paastand kjem som ei Straff yver oss, fordi me hev tagt so mykje um slike Ting.

  

Men det er so fælt uvant endaa for oss aa tala um slikt.

 

Alexander Kielland hev ein Gong skrivet eit lite Stykkje, som heiter ”Paa Præstegaarden”. Det er ei ung Gjente, som hev kyst ein Student, vistnok med ung Kjærleiks Varme, og sidan trur ho, at ho hev gjort den store Synd, denne løyndomsfulle Synd, som stend i slikt uklaart Ljos for den unge Gjenta. Daa Far hennar sidan talar um ei forførd Gjente i svivande Ordelag, so tek ho alt aat seg, som um ho hadde gjort denne store Synd, som ho ikkje veit, kva er.

 

Daa eg las dette, tenkte eg, kor i all Verdi hev Alexander dette fraa, for det er sant; slike Hugsting kann fælt vituge Gjentur faa for ingen Verdsens Ting. Det vitnar um ei fæl Vankunne, det er visst, men det vitnar samstundes um, at den unge Gjenta ikkje er utan Natur. I Sumar hev eit Kvende fortalt meg noko likeeins um seg sjølv, ”og tenkt”, sa’ ho, ”eg var daa 22 Aar gamal, var forlovad Menneskje og skulde snart gifta meg”. No er ho umlag 30 Aar.

 

So vankunnig er Kvinna, so rædd for kvar sanseleg Kjensle, so tagal, at ho gjeng igjenom Ungdomen med den Slag Otte og Hugsting utan aa krevja Upplysning og trøyst av sine Vener ein Gong. Det er fyrst langt uti Livet, at nokon fortel eitkvart, sume tegjer radt til Døden.

 

Og so skulde Doktor Nissen tenkja, at sunne, friske Menneskje vilde tru seg til han, ein Mann, han vere Lækjar, so mykje han vil. Nei dei sunnaste, reinaste, varmaste gjer det ikkje.

  

Kvendi hev det so lagat, at dei trur, det ikkje maa skrivast elder balast um slike Ting, at dei og hev Lengslur og Ungdomsfantasier, som kann plaaga. Hadde dei talat, vilde dei kanskje ha forstadet, at det var noko ved dette, som hekk ihop med Livet, med Naturen, men dei hev trutt, at det var berre ei aandeleg Lengsle og Trong, det som gjekk utum dette, var av det vonde. For Kvendi er upplærde til det, at det ikkje maa finnast anna enn aandelegt hjaa dei, tilvissa fyrr dei er gifte. Det lærer dei av Fedrar og Mødrar. Difor denne Rædsle og Otte for kvar Kjensle, som ikkje er berre aandeleg.

 

Soleis er daa den Villa komi upp, no daa Kvendi hev byrjat krevja Retten sin, at Sjølvstendet skulde vera nok. Den Villa, at naar Kvinna samlar alle desse sine Lengslur paa eit aandelegt, sjølvstendugt Arbeide, so skulde ho vera væl hjulpi. Aa nei Kvinna er ikkje nokon slik kjønslaus Ting; skulde det no for Tidi vera komet noko turt yver Kvendi, so er det lett aa skyna; for hugs paa, at ho hev havt Valet millom aa vera sjølvstendig  elder gift. Ho fæler for seg sjølv, fæler for aa verta kastad inn i all Tvilens Tjon, og so flyr ho ifraa det inn i Arbeidet. Turr vert ho nok kanskje, men eg trur likevæl, at der er innestengd Varme, som vil koma fram att, naar ho kjem i dei rette Høve til aa syna det.

  

Naar Kvendi ikkje likar, at eg talar um sovoret, daa er det ikkje, fordi dei ikkje sannar det, eg segjer; men dei meiner, det er so faarlegt i denne agalause Tidi. Det skal vera so faarlegt, fordi Mennerne er so raae. Men til slike ynskjer eg ikkje aa tala, men til dei Menner, som ikkje er raa, tenkte eg, det vilde vera godt aa faa sagt litt um, at Kvende er Menneskje, soleis som Naturen hev stelt det, at dei skulde vera.

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum