Ymist.

 

 

Det siste Forhandlingsmøte  um Sedugskapen finn Morgenbl. verre enn verst, fordi at det var so fint og det ikkje vart snakkat stygt, som Bladet hadde glædt seg til. Nettupp difor liknar Garborg og slike den gamel Freistar, fordi han aldri vanskipar seg og støyte den sedelege Sans. Nettupp soleis fer og den hin Karen aat, den ”store Mester i Forfølelseskunsten”, han og ”bruger anstændige Udtryk, han er ikke obscøn og brutal; han stiller sig ikke i Gemenhedens Rækker”.

 

Eit  Mistillitsvotum  aa kalla til Styret for Studentsamfundet hadde dei for seg um Laurdagskvelden, fordi dei leigde ut Salen sin til slike Møte som Gejerstam og Garborg. Men endaa Høgrebladi no hev baade trugat og ”appellerat” og heiltupp graatet, so fekk ikkje Forslaget meir enn 47 med seg, 116 imot. Ungdomen let seg ikkje komandera av Morgenbl. lenger, um han er høgrelynd aldri so mykje.

 

Garborg imot Garborg. Morgenbl. hev ein Stubb med sovori Yverskrift. Dei vil ha’ det til det, at Garborg i 1875 hev skrivet imot det, som han no verjar, og trykkjer av ein Stubb av noko, han skreiv um dei Offenbachske Spilstykkje. 


Det skal ille Augo til aa kunna sjaa slikt. I 1875 skreiv Garborg imot Sedløysa paa Teatret, og i 1887 skriv og talar han – mot Sedløysa i Livet.

 

Kva er Grunnen til, at Friele tykkjer det siste er so mykje verre? Er det dette, at den lærde Ungdom ser han paa som sine eigne aandelege Born, so han hev som ei Morkjensla og vil dekkja dei med sine Papirvengjer.

 

Bøker. Hjortens  Tørst  af O. Funcke, Beyers Forlag. Kr. 3.70. Med Band Kr. 4,00, 4.60.

 

Den nye Boki til Kielland heiter ”Sankt Hans Fest”. Ho er nett no komet hit. Det han fortel um hender i Stavanger, og me raakar gamle Kjendingar fraa fyrr.

 

Dei lærde Skular. I Kristianssand held Bladi paa med Tanken um aa leggja ned dei lærde Skularne. Dette er ein god og sunn Tanke.

 

All Skule brude helst vera fri, soleis at Staten ikkje hadde noko Skulestell, berre gav Stipendier til alle, som hadde liti Raad aa kosta seg med. Um ein ikkje vil gaa so vidt, burde ein daa slaa fast, at Staten berre heldt ein Skule (umfram Vitenskapsskulen, Universitetet), ein Skule, som var fri for alle, og som gav dei Kunnskapar som er Grunnlag for vidare Utvikling. Paa Statsskulen skulde ikkje vera serlege Timar i Religion.

 

No hev me lite Raad aa kosta gode Folkeskular, fordi dei lærde Skularne dreg so mykje Pengar. No maa Arbeidaren og Husmannen punga ut, for at Sonen til Presten og Kjøpmannen skal faa læra Latin og Gresk for billeg Betaling, og sjølve fær dei lite elder inkje noko til sine Born. Slikt er uliklegt. Slikt maa skaffast burt.

 

Dei lærde Skularne vilde og verta mykje betre, um dei vart private. Me ser, at naar det er fleire lærde Skular i ein By, so hev dei private mykje betre Søknad enn Statsskulen, endaa dei er dyrare. Men naar Staten gav flust med Stipendier aat den som var lettnæm, vilde slikt jamnast av seg sjølv. Skulestellet vilde verta baade betre og billigare.

 

Sandetjuven, Samuel Sannernes er no sett fast att. Men det er ikkje godt aa vita korlengje han vert sitjande, for etter som dei segjer, so treng han ikkje meir enn ein Trepinne og ein Traadstubb for aa dirka upp kvar ein Laas han vil. 


Krohgs  Maalarstykkje ”Albertine” er no i Trondheim. Folk strøymar til i Flokk og Fylgje.

 

Norsk  Flæsk, baade heilt og tillagat fær ikkje koma inn i Tyskland. Kvifor? Jau, for i Danmarkog Sverikeer det brotet ut ein stygg Svinesjuke.

 

Meieristipendier. Ho Amalie Hirsch, Marie Sendstad og ho Katharina Vold hev fenget 400 kr. kvar for aa reisa til Danmark med og setja seg inn i Smørlaging og Osteysting.

 

Paa Kr.a Teater  freistar dei no med eit Sangstykkje (Opera). Det fyrste dei tok Tak i heiter Regimentets Datter”, eit gamalt Stykkje, som det ser ut til Folk vil lika au.

 

 


Frå Fedraheimen 03.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum