[Ymist.] Fraa Utlandi.

 

 

Laurdag var fekk Frankrike ny President. Marie Francois Sadi Carnotheiter Karen. Han vart valt med 616 av 827 Røyster.

 

Det saag so ymist ut med Grévy dei siste Dagarne. Snart vilde han ganga av, snart ikkje. Sistpaa vart ”Trykket” altfor sterkt for han.

  

Carnot (uttal. Karnaa) er ættad fra gjæve Fedrar. Farfar hans var med i den store franske Umstøyten og fekk seinare, daa han vart landlyst, eit gildt Namn som Matematikkar. Far hans var med i Februarumstøyten 1848 og liver den Dag idag som ein vyrd Mann. Baae desse hev haldet trugent paa Republikken som den beste Riksskipnaden, og det er ikkje Tvil um, at det var dette, som gjorde mykje til, at Carnot no vart President.

 

Carnot er fødd 1837. I Ungdomen gjekk han paa Insjenørskulen og var i 1870 ein av dei gjævaste Stridsmenn for Fristaten. Seinare var han Finansministar og heldt Wilson i Age, so han ikkje fekk raa seg som han vilde. Han er ikkje so evnerik og framstaande som mange andre av dei Kararne, som vart sette fram som Presidentemne; men han er trugen og ærleg som Guld, vert det sagt.

  

Alle frilynde franske Blad er vælnøgde med Valet og ynskjer han til Lukke. Ein betre Mann var det vandt aa finna. I Europa er dei og vælnøgde allstad med Undantak av Rusland. Rusland hev nemleg arbeidt paa Samband med Frankrike for aa faa tyna Tyskland og Austrike. Carnot er Fredsven og difor er det liti Von for Rusland no.

 

Bakstrævarar hev altid havt det so ant med aa spaa, at den franske Republiken ikkje vilde verta gamall. Det vilde verta so mykje innre Strid, at det maatte ein Keisar til. Det, som no hev hendt, syner, kor lite Hald det er i sovoren tale. Det hev voret somykje styggt framme i Frankrike no, at eit Keisardøme ikkje hadde stadet det yver. Det hev Republikken gjort, og det hev han Ære av. – Goblet hev vortet Fyrstestatsraad.

 

- I Sverike  vippar det snart upp og ned. Endalykti vert vel, at Themptander gjeng av og at det kjem eit Høgrestyre – berre avdi ein Mann i Stockholm hadde gløymt aa betala Skatten sin.

I Brasilien  hev det voret ei Uppreist av Slavar.

- Svinesjuken held enno paa i Danmark og Sverike.

- I Spania  hev det brotet ut ein stygg Koppesjuke, som mange døyr av.

 

 


Frå Fedraheimen 10.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum