Bøker.

 

 

Kjærleik. Ei Forteljing av Jens Tvedt. I Kommisjon hjaa Mons Litlere. Bergen.

 

Jens Tvedt kjenner Maalmennerne fraa tvo fyrre Bøker Inn i fjordarne  og Skuggar og solglytt. Han hev fenget baade Lovord og Lesarar alt.

 

Fyrr hev han helst haldet seg paa Bondegardarne paa Vestlandet. I denne nye Boki skildrar han Livet i ei ”Embætsmanskoloni” Bergsvaag lenger utmed Havet. Slike Stader er væl verde aa skildra, men daa maa ein hava god Kjennskap til dei. Ofte tykkjest det, at Tvedt likevæl kjenner betre livet hjaa Bønderne.

  

Det er mange Menneskje med i denne Boki, kanskje altfor mange, so at ein ikkje vert rett kjend med alle elder forvitast i dei. Men han vilde nok taka med heile Flokken, Skrivar, Prest, Sakførarar, Jomfruer o. s. fr.

 

Hovudmannen er ein Bondestudent, Aarstad, som held seg der. Det er daa um hans Kjærleik Boki handlar. Eit Lyte ved Boki vil me segja det er, at fyrste Delen ikkje svarar til Namnet. Det er fyrst, naar det ber uti, at me fær høyra gjetet noko Kjærleik.

 

Det er Forholdet millom Aarstad og Skrivardotteri, som er Emnet. Aarstad trur paa ein meir ideal Kjærleik, men vert hildrad av den lettlynde noko flangrelege Skrivardotri; ein Kyss i Myrkret vende Hugen hans til andre Tankar. Men han lovad seg sjølv, at det ikkje skulde ganga den Leidi, daa han fekk vita at ho strakst etter var forlova med Fullmagten paa Kontoret. Ho slog likevæl upp att med Fullmagten, og søkte Aarstad igjen. Dei vart gode Vener, og han lovad med seg sjølv, at det aldri skulde verta meir. ”Men faarleg var ho. Berre ho saag paa han, var han seld. – Det gjorde og mykjet, at han saag, ho var so glad i han som han i henne. _ _ _Det nyttad inkjevetta, at han stridde imot og heldt lange Preikor, fyr seg sjølv. Han trudde ikkje nokot paa dei. Natturi var for sterk og raadde med han, mest som ho vilde.

 

Han laut vekk, skulde han ikkje verta tullen av detta._ _Det gjekk visst snart yver. Han hadde ikkje full vyrdnad fyr henne, ikkje heil tiltru til henne, og daa kunne det umogelegt vera den rette kjærleiken, for den aatte ikkje tvil” _ _ _ _”Det vilde syna seg, naar han kom ut i verdi, um dei same kjenslor kunde vara ved _ _ _ _. Heldt kjærleiken ut og heldt seg berre til den eina, som det hadde voret til dessar, daa maatte han vera av retta slaget. Og daa var det ikkje synd fyr nokon av dei, um dei bygde livet paa han. Det kunde vera lyte med han, men kvat er lytelaust i denna verdi? Kjærleik laut han gjeva, og kjærleik laut han faa. Utan den vart livet so tomt og vesalt, at det ikkje var verdt aa liva”.

 

Boki sluttar med aa fortelja um siste Kvelden, fyrr han reiste; han for ute og rak frametter Strenderne. ”Han var komen til neset – det, som rakk lengst ut i fjorden. Daa stoggad han; stod som han var fjetrad, og stirde, torde ikkje tru seg sjølv. Var det lagnaden? – elder berre eit høve? _ _Han kunde ikkje tenkja elder setja upp Spursmaal no; gjekk berre burt til Magrete, som sat der i det mjuka, blømande lynget og saag utyver sjøen”.

 

 

Normænd i Amerika” af Kr. Janson. Umfram teologiske Skrifter gjev no Janson ut Skildringar fraa det nye Norig vest i Amerika.

 

I denne Boki er det tvo Stykkje, Vildrose  og Femtende Wisconsin. Den fyrste handlar um ei Gjente, som budde med far sin langt inne i Skogarne millom Indianeranne og vart som ei av dei. Men sidan tok ho ut og kom til Byen indianerklædd, og der hende det henne mange underlege Æventyr. Det er reint ei ”romantisk” Forteljing av det gamle Slaget.

 

 

Den andre Forteljingi handlar um Borgerkrigen millom Nord- og Sudstatarne, fylgjer Nordmennerne der, og gjev fæle Skildringar av Herlivet og Fangenskapet hjaa Slaveeigaranne, men fortel og mykje vent um dei amerikanske Kvendi, kor dei hjelpte til.

 

  

Alex. L. Kielland: ”St. Hans Fest”. Gyldendal (Kaupenhamn).

 

Nokre Ungdomar i den vestlandske Byen hev vortet samde um aa faa istand litt Moro paa Jonsokkvelden. Det hev vortet so audt og kaldt i Byen etter alle desse skræmelege Fallitarne, at dei ikkje held det ut lengre. Dei store Husi, som altid fyr gjekk fremst med Dansarlag og Festar, hev gjenget under, so ein kann ikkje venta noko fraa den Kanten. Ein maa sjølv taka i, skal det ganga.

 

Alt ser lovande ut. Madam Blomberg skal greida Matstellet og Elling Ellingsen, den rike Handelsmannen, held paa og lagar til mykje gildt til Gategutarne, so dei ogso kann hava Moro i Paradis.

 

So kjem Presten Kruse og set seg paa Bakbeini. ”Kaninarne” hjelper han og det heile ender med ein Fest i Bedehuset hans paa Jonsokdagen.

 

Dette er i stutte Drag Innhaldet av Boki.

 

Det er ikkje vandt aa skyna, kven Boki er skrivi mot. Ho er eit Slag mot dei trongsynte Oftedøler, og Morten Kruse er ingen annan enn sjølve Lars Oftedal. Ho er rettat mot den oftedølske Utsveltningspolitikken og raamar framifraa godt i mange Maatar. Men det finst og eit og anna, som er altfor lite uppklaarat og som Kielland snaudt vil vera Mann til aa uppklaara, avdi han vantar det personlege Kjennskapet. I ”Skipper Worse” hev han skildrat Lægpreikaren H. N. Fennefos framifraa gildt; men han hev ikkje fortalt, korleis det gjekk til, at desse Lægpreikarar vart blinde Oftedøler. Ein maa djupare ned enn Kielland hev voret for aa greida det.

 

Boki er ingi Forteljing. Ho er eit Innlegg i Dagsens Strid, eit Innlegg, meistarlegt som ein kunne venta det fraa Kielland. Det skal ikkje mykje til for aa segja, at mangt av det, han kjem med der, vil verta nyttat i den politiske Striden og verta av utruleg stor Nytte for Framstigsflokken.

 

Er Boki ein Hemn? So segjer Høgre, og Oftedølerne kjem vel til aa segja det same. Og mangt og mykje er det og, som talar for det. Men i det store og heile er ho eit endeframt Framhald fraa dei fyrre Forteljingarne hans. Han hev fyrr fortalt oss um Morten Kruse, um Gjerrugskapen hans og korleis han vart Prest. Det var naudturvelegt, at han maatte syna oss, korleis han seinare tok seg ut i Livet, denne Karen, som ingi onnor Kjensla hadde enn ”Appetit”.

 

 


Frå Fedraheimen 10.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum