Eit visnat Skot.

 

 (Del 2 av 4. Fyrste del.)

 

(Framhald).

 

Soleis sat ho der nede ein Dag samankropi og med Henderne for Andlitet, daa ho med eit vart skræmd upp av Fotstig burtanfor. Det var eit framandt Kvinnfolk, som kom ut or eit Naust burtanfor. Ho var stor og høg liksom Mori, svartklædd og med eit svart Plagg langt nedyver Panna.

 

Gjentungen vart rædd og vilde taka Flukti; men fyrr ho hadde fenget paa seg ein Tresko, ho hadde mist, lagde den framande Kona Handi paa Hovudet hennar.

 

Er det litle Katrin?” spurde ho, og det lyddest so blidt. Det var berre sovidt, at Katrin vaagad aa svara ja. ”Hev dei voret vonde med deg?” spurde Kona.

  

Nei _ _ikkje no nettupp”.

 

Kva var det, som var i Vegen daa?” spurde Kona. Jentungen saag upp i Andlitet hennar. Det var stort liksom Mori sitt; men det var so blidt, at ho slettikkje kunne vera rædd lengre. Ho stamad fram, at ho ikkje hadde fenget nokon Mat sidan Morgon tidlegt, og Augorne hennar var taarefyldte.

 

No strauk Kona henne yver Haaret.

 

Graat ikkje, litle Katrin _ _vil du ha’ den?” sagde ho og tok fram ei fager Kringla. Jentungen tok imot med ustød Hand. Ho hadde aldri fengjet noko av nokon framand fyrr, og ho visste ikkje, at ho skulde takka. Ho saag seg sky ikring og vilde springa i Skjul liksom Hunden, naar den hev fengjet noko; men den framande Kona smilte og heldt henne fast i Armen.

 

Du er vel ikkje rædd meg _ _ _ eg er Gudmor di. Vil du vera med meg heim, so skal du faa fleire Kringler”, sagde ho. Katrin stirde noko usikker paa henne. Ho viste ikkje, kva Gudmor var for noko; men det gode Andlitet gjorde henne snart so trygg, at ho stakk dei uttærde Fingrarne sine burt i den store Handi aat den framande. I det same kom det ein Mann ut or Naustet derburte og stengde att Døri. Han var ogso ferdaklædd liksom Kona, og han ropte paa henne. Kona kviskrad lite med honom, og so bar det uppetter Bakkarne og forbi Haugarne, so Husi nede i Viki kom avsyne. Daa stansad Katrin og tok til aa graata.

 

Vert du trøytt?” spurde Gudmor.

 

Nei _ _men eg finn ikkje Vegen heimatt”, stamad Ungen.

  

Me skal faa ein til aa fylgja deg heimatt”, sagde Gudmor og turkad Taarerne hennar.

 

Gjentungen trykte seg inn aat henne og fylgde att. Men det vart langt aa ganga: det bar yver ein Bekk og uppetter ein Skog. Ho vart snart so andpusti, at Brjostet vilde snøra seg saman, og ho orkad ikkje meir. Daa sagde Kona noko til Mannen. Han snudde seg og log, Katrin kjende seg lyft upp, og han bar henne paa Ryggen uppetter eitpar Bakkar. Daa saag dei upp mot ein stor Gard med eit raudmaalat Hus og Hage nedanfor. Trei stod just kvite av Blom og angad slik, at det var mest altfor stekt. Snart var dei inne i Stova, og der angad det og; men her var det av Hægg, som var sett uppunder Loftet. Der var so reint og fint i Stova, der var so ljost og so høgt – det minte mest um Kyrkja, der Katrin hadde voret berre ein Gong i sitt Liv. Gudmor gjekk med det same ut i Kjøkenet og Katrin smaug etter gamal Vis burt i Kroi bak Omnen; men Husmori kom snart inn att med ein Kopp Mjølk og mange fagre Ting paa eit Fat. Og so sette ho seg ved Sida av henne og tok til aa snakka um Vaarherre og um ei liti Jenta, som heite Kari mest liksom ho og um tvo smaa Gutar, som eingong hadde sprunget her i Stova, men no var gjengne burt. Ho fekk Taarer i Augorne, medan ho snakte, og so spurde ho Katrin, um ho ikkje vilde koma oftare her upp til Gudmor si.

 

Jentungen stirde paa henne – ho hadde aldri høyrt noko slikt som dette fyrr – aldri.

 

Jau eg vil _ _eg vil koma oftare”, sagde ho. Ho støttad Hovudet ned i Hænderne, og ho totte mest, ho maatte graata ho og, endaa ho ikkje viste, kva det var for.

 

Daa vart dei baae støkte upp av nokon, som kom med svært Braak inn Dørerne. Det var ein liten Gut med Toppluva bakyver Nakken, med blank Kniv og Slira.

 

Aa du Hændelse _ _Hesten _ _ _!” byrjad han, so det svarad i Stova.

 

Hyss _ _ ser du ikkje den framande Jenta?” sagde Gudmor.

 

Guten stirde paa det fillutte Tingestet og tokkad seg attende som for noko styggt, han var komen altfor nerre.

 

No skal du fylgja denne Jenta nedetter Vegen, til ho ser heimatt aat Naustviki _ _ so er du snild Gut”, sagde Kona.

 

Han klaadde seg i Hovudet og skjekte.

 

Du er vel ikkje vrong og segjer nei, Alf?” sagde ho.

 

Han saag paa skakke burt paa det ækle Tinget.

 

Alf _ _naar eg ber deg?” sagde ho.

  

Ho trampad ikkje i Golvet, ho bannad ikkje, og ho sagde det berre laagt. Likevæl var den vronge Mina strakst burte hjaa honom, og han nermad seg Døri for aa lyda.

 

Og so maa du koma att sidan”, sagde Gudmor uppatter, daa ho hadde fylgt Gjentungen ut og synt henne nokre smaa Lam burte i eit Hus og mange andre Ting. Katrin saag ikkje længre rædd ikring seg. Der laag eit visnat Smil paa det uttærde Andlitet, daa ho gjekk og fylgde Guten nedetter. Det gjekk snarare nedetter enn upp. Han gjekk fort for aa koma unda dei store Augorne, som stirde so spøkjelseagtigt etter honom, ho sprang for ikkje aa koma etter, og snart augnad ho Røyken fraa Hytturne nede i Viki, so ho fannt Vegen sjølv.

  

So bakvendt var det gjenget – medan der nede i Naustviki var Ungar som Kraakur, hadde Gunnhild uppe paa den rike Garden ingi. Det hadde likevæl ikkje alltid voret so. Ho hadde havt tvo Smaagutar og ei Gjente. Dei var millom aatte og elleve Aar i fjor, daa Skarlagensfeberen kom aat Bygdi. Tvo av dei døydde strakst, den ældste av Gutarne saag derimot ut til aa vinna det yver. Alle trudde, at han stod det yver – men just daa døydde han, daa Vindaugat ein Dag var gjenget upp, og han hadde leget i Trækk. Der var ingen Ting, som kunde faa den sterke Kona so svindt paa Graaten, som naar ho fortalde, kor nerre Guten var til aa standa det yver – alle var so glade for, at det var yver, og likevæl skulde han døy. Folk sagde, at Sorgi hadde gjort henne halvt fraa seg sjølv i den fyrste Tidi, daa der var stilt i Stova, etter Borni var burte.

  

No gjekk ho ut og inn uppe i dei store Husi som fyrr, og ein Son av ein Slæktning var teken til Fosterson i Huset; men det var endaa noko underleg stilt ved henne. Eitpar Ord kunde gjera dett sterke Kvinnfolket mjukt, medan ho fyrr titt hadde voret hard nok. Ho gjekk alltid svart og reiste ein Dag kvar Maanad ut til Kyrkjegarden og saag paa Graverne aat Borni. Det var fraa ei slik Ferd, ho var komi heimatt i dag.

 

Nede i Naustviki var der vortet Uppstyr for Jentungen, som var komen burt. Ingen hadde sett henne fraa um Morgonen, og no var det snart Kveld. Dette var somykje meir underlegt, sidan Kræket so sjeldan var burte fraa Omnskroi. Der vart leitt og ropt etter henne, men utan Nytte. Mori bannad paa, at ho maatte hava gøymt seg av Furting, og no av Vrangskap ikkje svarte paa Ropi. Det var difor ikkje utan aa syna Rivtennerne, ho endeleg saag Gjentungen koma inn Døri med uvanleg Fart. Men dette merkte ikkje Katrin. Der var Teikn til noko friskt i Kinnerne hennar, og andpusti tok ho til aa fortelja um den forunderlege Ferdi og um Gudmori. Det beste var likevæl det siste: her hadde ho fengjet med seg Kringler og Kaker i eit Plagg. Ho vilde alt til aa dela med seg av Rikdomen sinn, daa Mori braut henne av med ein haas Laatt.

  

Hav det sjølv _ _Bleiknos! Du treng det”, ropte ho utan aa sjaa paa henne.

 

Katrin kraup skamfull burt i Kroi si. Men snart kom ho i hug, at ho hadde gløymt aa fortelja um Smaalammi, ho hadde set, og ho var burte hjaa Mori att.

 

Er det no Gudmor att _ _ _korlengje skal me høyra paa det Gnaalet? Det er vel Sorgi, som hev gjort det Menneskjet so mjukt, at ho vaagar aa gjeva ein Fatikunge ei Kringle! Ho hev sikkerleg ynskt, ho kunde eta den Lorten, ho kunde skarpa av Skjelingarne fyrr”, sagde Mori arg. ”Prøv berre aa ganga der oftare og setja oss i Leiting!” lagde ho til.

  

Katrin svelgde og fekk Vatn i Augorne, medan ho snikte seg vekk, og Systrarne haanlog og kallte henne sjølv ”Gudmor”. Ho tagde og vaagad aldri aa nemna eit Ord meir um Ferdi – og det var underlegt, kor snart det heile var berre ei gamall Soga _ _ _

 

Um nokre Dagar var Kringlerne, ho hadde fengjet, ende og burte liksom dei gode Ting, ho stundom hadde drøymt um, og so byrjad Dagarne aa ganga som fyrr. Nei, ikkje fult liksom fyrr likevæl. Ho hadde Minnet um den fagre Ferdi aa tenkja paa, og so den lukkelege Ventingi paa, at ho snart skulde faa koma upp til Gudmori att. Ho mintest, kor ho bad henne aa koma. Ho hadde i Byrjingi trutt, at Gudmor snart vilde koma her att; men det vart ikkje noko av. Ho tok daa til aa sjaa etter Vegen uppetter, og ho gjekk ein Dag uppetter den fyrste Bakken; men der kløyvde den seg i tjuge Greiner, og ho viste ikkje, kor den rette var. Der var dessutan so langt uppetter, der var Skog og Bækkjer, so ho aldri i sitt Liv fant fram aaleine. Ein Dag ho hadde forvillat seg upp forbi den fyrste Haugen, tok ho til aa skjelva: der gjekk Hestar deruppe, og ho vaagad ikkje aa koma der meir.

 

 

(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 10.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum