Forslaget til ny Skulelov.

 

(Del 2 av 2. Fyrste del.)

 

(Slutt fraa fyrre No.).

 

 

Um Innsetjing av Retsstelling aat Læraren.

  

Heradstyret kann avgjera, at Tridjedelen av dei fulle Lærarpostarne (med høgst Løn) og Halvdelen av dei andre skal vera paa Uppsegjing 3 Maanar fyreaat. Dei skal fyrst høyra kva Skulestyret meiner. Faste Lærarar kann takast paa Prøve eit halvt Aar.

 

Det er Skulestyret, som hev aa innsetja Lærarar. Men Tilsynsutvalet for Skulegrenderne (”Kredsene”) skal fyrst faa døma um dei som søkjer. Sidan hev Yvertilsynet aa segja si Meining, og soframt det daa held paa nokon annan enn den, som er innstelt, skal Saki leggjast fram for Heradstyret, og soframt dei held paa den same som Yvertilsynet likar, skal han setjast inn i Posten.

 

Lærarar, som ikkje hev fast Post, kann segjast upp 3 Maanar fyreaat. Faste Lærarar kann og segjast upp, naar Skulestyret og Yvertilsynet er samstelte um, at dei er duglause. Ein Lærar kann sendast burt strakst, naar han gjer noko grovt Mistak. Men han skal dømast gløggare sidan.

 

Ein Lærar maa segja fraa 2 Maanar i Fyrevegen, naar han ikkje vil vera lenger.

 

Ein kann krevja Løni si kvar Maanad og Alderstillegget kvart Halvaar.

  

Tvo Gonger um Aaret skal alle Lærarar i Heradet halda Møte med Skulestyret og samrøda um Skulesaker.

 

Utgifter til Skulen.

 

Statskassa legg til aat Lærarløner Fjordeparten av det som Heradstyret gjev. Amtskulekassa legg ut Alderstillegget.

 

Heradstyret kann paaleggja Skulegrenderne aa kosta Skulestoga sjølve.

 

Ved Verk, Bruk, Fabrikkar med meir enn 30 Arbeidsfolk skal Eigaren kosta serskild Skule.

 

I kvart Amt skal det vera ei Amtskulekasse. Staten skal leggja til det dubbelte elder tridubbelte av det, som Amtstinget legg i Skulekassa.

 

Av Amtskulekassa skal takast: a. Alderstillegg. b. Utgifter til Amtskulestyre og Amtinspektør. c. Hjelp til aa byggja Skulehus og kjøpa Jord aat Lærarar. d. Hjelp til Undervisningsmidlar. e. Hjelp til vanlege Skuleutgifter paa slike Stader, der det er smaatt for Folk. f. Hjelp til vidare Skular enn den vanlege Folkeskule og g til Arbeidsskular.

 

Skulestyret og Tilsynet med Folkeskulen.

 

I kvart Herad skal det vera eit Skulestyre. I dette skal vera med: a. Soknepresten. b. Ordføraren. c. Ein fast Lærar. d. nokre som Heradstyret vel ut. e. Verkseigar elder Arbeidsherre, som held serskild Skule.

 

Skulestyret vel Formann og Næstformann kvart Aar.

 

Dette Styret hev mest aa segja i Skulen, det skal agta paa, at Lovarne vert haldne, laga Undervisningsplan og Timetavle og i det heile skipa og styra Skulearbeidet. Det skal kvart Aar leggja fram for Formanskapet Yverslag paa dei Utgifter, som trengst aat Skulen til kvar Tid.

 

Prestarne hev Rett til aa føra Tilsyn med Religionslærnaden.

  

Elles skal Skulestyret for kvar Skulegrend skipa eit Tilsynsutval, der det skal vera: a. Ein som Skulestyret hev valt (usjølvskriven Formann). b. Tri Medlemer, valde i Folkemøte i Grendi kvart Aar.

  

Utvalet hev aa føra Tilsyn med Skulen og segja fraa til Skulestyret, naar dei vil ha noko ført fram.

 

Skulegrendi sjølv kann hava Møte og leggja sitt Ord med i Laget. Formannen for Tilsynsutvalet skal kalla ihop og styra Møtet. Rett til aa møta hev alle i Skulegrendi, som er yver 25 Aar, og er ilagde Skatt elder hev Born paa Skulen. Men det er berre dei skattepligtuge, som fær vera med og avgjera um Pengesakerne. Fleire Skulegrender kann og samlast til eit Møte. Medlemer av Skulestyret og Prestarne hev Rett til aa vera med i slikt Møte, men hev ingen Røysterett.

 

Tilsyn med Born, som ikkje gjeng paa Folkeskulen:

 

Kvart Aar skal Skulestyret faa seg Upplysningar, um kor mange Born millom 7 og 15 Aar det er, som ikkje gjeng paa Folkeskulen. Soframt dei daa gjeng paa Privatskular i Staden, skal Skulestyret høyra etter, um dei lærer so mykje der som i Folkeskulen. Og um det so tykkjer, kann dei krevja Prøve av slike Born paa kva dei hev lært. Og kann dei ikkje sopass, som Folkeskulen krev, skal dei sendast dit. Hev Foreldri ikkje Raad til aa halda Borni sine i Skule, skal Fatikkomisjonen hjelpa dei.

 

Kvar som vil driva Privatskule for Born millom 7 og 15 Aar, skal melda det aat Skulestyret elder bøta 50 Kr. Styret kann forbjoda dei aa halda Skule, soframt dei hev Ord paa seg for Ulivnad.

 

Yvertilsynet.

 

Skuledirektøren hev aa gjæta paa Lovarne, at dei vert haldne. Han skal berre setjast inn paa 5 Aar um Gongen. Bisp og Prost skal vera med i Yvertilsynet med Kristendomskunnskapen.

 

Skuledirektøren skal reisa umkring og granska Skulestell og Undervisning all Stad i Landsluten sin, og han skal hjelpa Skulestyre og Lærar med Raad og Rettleiding. Han skal fyrst spyrja Bispen fyrr han endeleg avgjer Saker, som vedkjem Kristendomslærnaden. Skuledirektør og Bisp kann vera med i Møte av Skulestyret og i Grenderne, og naar Heradstyret hev Skulesaker for seg, men dei hev ingen Røysterett. Skuledirektøren kann sameleis vera med i Amtsting og naar Amtskulestyret hev Møte.

 

I kvart Amt skal det vera eit Amtskulestyre paa 3 Medlemer, valt av Amtstinget. Dei hev aa leggja fram Yverslag paa Skuleutgifter for Amtstinget. Det kann faa dei Upplysningar, dei vil, um Skulen i kvart Herad og kann samrøda med Yvertilsynet um Skulesaker.

 

Ymse Fyreskrifter.

 

Kongen maa godkjenna alle Lærebøker i Religion. Lærebøkerne i andre Emne maa ikkje innehalda noko, som bryt ned Vyrdnaden for Lovarne elder Kyrkjetrui. Fyrr Skulestyret innfører nokor ny Lærebok, skal Yvertilsynet faa segja si Meining.

 

Skulestyret skal avgjera, um Skulebøkerne skal vera paa Landsmaal elder vanlegt Bokmaal, og kva for eit Maal Borni skal læta aa skriva paa. Men kor som er skal alle læra aa lesa baae Maali. Fyrr Skulestyret avgjer Saki, skal det fyrst ha spurt Grendi og Yvertilsynet. Naar 2/3 av dei, som møter paa Møtet i Grendi, er samstelte, skal Skulestyret gjera, som dei vil.

 

I Trums og Finnmarki kann Kvænsk og Lappisk brukast som Hjelpemaal ved Undervisningi.

 

Tukt paa Kroppen kann brukast, naar Skulestyret fær Medhald av Tilsynsutvalet, elder naar 2/3 paa eit Grendemøte krev det.

   

Loven tenkjer dei aa faa gjenomført heilt ut fyrr tri Aar er gjengne, soleis at dei skulde byrja med aa stella det etter han strakst.

 

Retting. Det vert skrivet til Fedraheimen;

 

Hr. Bladstyrar!

 

I det stutte Utdraget av Innstellingi til den nye Skuleloven er det eit Par Setningar, som kann verta mistydde. Difor ei liti Rettleiding.

 

Fleirtalet vil nok, at Loven skal krevja Eksamen kvart Aar; men berre for dei Born, som sluttar Skulen. Naar det stend, at ”Folkeskolernes Undervisning skal afsluttes med en offentlig Prøve”, gjeld dette den heile 7 Aars Undervisningi. 5 Medlemer røyster mot denne §en og vil, at Skulestyret i kvart Herad skal avgjera, um det skal haldast Eksamen.

 

So stend det: ”Det maa vera Sjukdom elder annan fullgod Grunn, skal Skulen forsømast. Ellest maa Foreldre elder Husbønder bøta 1-25 Kr.”

 

So er det ikkje. Dei, som hev sett Borni sine inn i Skulen, pliktar for at dei møter fram, til dei vert tekne ut. Men ingen pliktar aa senda Borni sine paa Skulen, soframt ikkje Skulestyret finn, at dei ikkje fær Undervisning nok, og utan Nytte hev varskut Foreldri um det.

 

Av di dette er Tilfellet er Yverskrifti paa Kapitlet: ”Om Elevers  Skolepligt”, medan det altid fyrr i kgl. Prp. har heit: ”Om Børnenes Skolepligt”: Difor vert det ogso berre talat um ”skoleberettigede”, aldri um ”skolepligtige” Born. Framlegget held paa Undervisningstvang; men gjev samstundes Skulefridom.

 

Nokre Medlemer vilde helst, at Loven ogso skulde gjeva Undervisningsfridom som t. D. i Amerika og Finland; men dei finn so store Framstig i Framlegget, at dei gjeng med paa det.

 

L. B.

 

 


Frå Fedraheimen 10.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum