Heilag

 

  

er ingen utan Gud.

 

Men Grunnloven segjer, at ogso Kongen er heilag. Dette veit me er ikkje sannt, Kongen er ikkje meir heilag han enn andre Menneskje, sume segjer, at det kann vera væl so mykje Synd i ein Konge som i eit anna Menneskje. Han kann jamvæl gjera Statskup ein Konge.

Skal det finnast Meining i slik Lov, so maa det vera so: Ein som hev høgste Vyrdnad og Namn i Landet, skal vera rein og syndefri, iallfall so rein og syndefri som mogeleg. Gjer han noko gale, forbryt seg imot Lovarne, elder viser Vanvyrdnad for Folket, syner Statskuptankar o. s. fr., daa er han ikkje Konge lenger. Kongen er heilag; soframt ein Konge ikkje er heilag, so er han ikkje Konge lenger.

  

Og daa skulde Stortinget segja det beint uppi Augo paa’n: du er ikkje Konge meir.

 

Men det greidaste var no aa stella Kongen lik for Loven med andre Folk. Tak burt alt det Tullet um Heilagskapen hans. Lat Folk faa tala og skriva um Kongen like fritt som um andre Folk. Det er Skam for oss, at fyrste Mannen i Rikjet skal vera andsvarslaus og umyndig som ein Lægdkall.

 

Stortinget i 1884, skriv Dagsp., sette ned Straffen for Majestætsbrot, men lagde til, at ein skal ikkje faa provadet ein hev skuldat Kongen for.

  

Det stend ein Stad i Loven, at den som veit um Statskup, men tegjer med det, skal faa Straff.

 

Men um han fortel det, skal han ogso hava Straff, etter Kongeloven.

  

Straff baade for aa gjera og lata vera gjera ein Ting.

 

Lagom Greide ja!

 

Ein skulde mest tru, at Loven vil verna um Statskupet.

 

 


Frå Fedraheimen 10.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum