Sekter.

 

 

Kaute og storvyrdelege gjeng Prestarne kringum med side Kjolar og preikar, at dei, dei lutherske Prestarne i den norske Statskyrkja hev den einaste rette Trui, og lovar, at den som trur paa dei, skal verta sæl; men for den, som trur annleis er det meir Tjon enn Sæle aa venta seg. Dei er Sektererardei hine, maavita.

 

Stutthugsne Sellar, som ikkje vil minnast, at Lutherdomen helder ikkje er anna enn ei Sekt av den katolske elder aalmenne Kyrkja, og at sjølve Kristendomen i Fyrstningi ikkje var aa kalla for anna enn ei Sekt av Jødedomen, som sjølv kanskje var Sekt av ein endaa eldre Religion.

 

Den som hev det minste Grand historisk Kunnskap, veit, at all Utvikling gjeng for seg paa den Maaten, at ein liten Flokk skil elder separerer seg fraa det gamle Samfundet, og aukar og arbeider seg fram, so at det tilslutt fær Fleirtal, og dei hine dovnar av og vert eit Mindretal, til dess dei endeleg sloknar ut.

 

Men Prestarne likar ikkje denne Upplysningi, dei vil, at det som dei fer med, skal vera rett til evige Tider. Det var einast i gamle Dagar, at Folk kunne finna paa noko nytt, som var godt; i vaare Dagar er alt nytt berre av det vonde. Utviklingstanken er ein Kreftskade i vaar Tid, høyrde me nyleg ein vyrd Kristianiaprest segja.

 

Det er ein av dei meir frilynde Prestar, Andreas Hansen, som no hev sett eit Stykkje inn i Bladi um ”hvorfra hidhører Tidens separatistiske Bevægelser, paa hvilken Maade maa de bedømmes og i Tilfælde modarbeides”.

 

Same Ulli. Prest vert Prest, anten han so kallar seg Høgre elder Vinstre.

 

Det som det gjeldst um, segjer han, er fyrst og fremst aa halda paa den rette kyrkjelege ”Bekjendelse”. Um den segjer han elles rett, at ”de kristelige Bekjendelsesskrifter er Vidner om, hvorledes Kirken enten i sin Helhed eller i enkelte af sine Kredse til given Tid har forstaaet Guds Ord”. Og etter dette skulde dei daa ikkje vera anna enn Minnesmerkje fraa gamle Dagar, som me lenge sidan maatte ha vokset ifraa, likesom andre gamle verdslege Lovar.

 

Men Presten trur nok ikkje i Røyndi, at der hev voret nokon Vokster i Kyrkja sidan Reformasjonstidi; ja Meiningi er væl, at der helder ikkje bør vera nokon Vokster, me skal ikkje koma lenger enn me var paa Lutters Tid. Naar me hev vortet noko framande for Kyrkjeskrifterne fraa 15hundre Talet, so er det ikkje Framstig og Utvikling, men Utrugenskap imot Kyrkja. Og difor skal me alltid ganga i ein Ring og byrja paa med Lutters Tid att, naar me er komne inn paa nye Veger. Kyrkjelaget ”fortsætter sit Liv som et særskilt Kirkesamfund ved altid paany at gjentage sin Bekjendelse. Det gjenfrembringer paa den Maade under sin fremskridende Udvikling sin egen Begyndelse”. – ”Luthers Katekisme og den augsburgske Konfesjon har i høi Grad bestemt vores alles Vekst i kristelig Erkjendelse, ogsaa deres som maaske slet ikke har læst det sidstnævnte Bekjendelsesskrift”. (So! det var merkjelegt!). ”Kun ved et Brud i sin Udvikling vil en evangelisk-luthersk Kristen i en senere Alder kunne løsrive sig fra denne Paavirkning”.

 

Utskilnaden fraa Statskyrkja, meiner han, vil vera til stor Faare baade for Kyrkja og for dei utskilde sjølve. For han trur ikkje, at det vil ganga godt, naar kvar fekk hava sine Meiningar, nei eiTru maa det vera. Og Raaboti imot denne frie Tenkjing peikar han so paa: ”om Universitetets theologiske Kræfter og Præstestanden maa det hele Kirkefolk samle sig i enig Vilje til Kirkens Opbyggelse paa dens Bekjendelses Grund”.

 

Altso: lat berre Prestarne faa større Magt, so greider alle Ting seg. Utviklingi forskiplar oss ikkje og me slepp med aa ganga ”paa Stedet mars” i ein makeleg Takt.

 

Me held mykje meir med Lutter enn med Pastor A. Hansen. Lutter heldt seg berre til Bibelen han, og jamvæl der godkjende han berre visse Skrifter. Dei Skrifter i Bibelen, som han ikkje likad, sagde han var ikkje noko aa ansa etter, dei hadde ikkje den rette Læra.

 

Men likesom Lutter mest heldt Apostelord gjævare enn Jesu Ord, soleis held no Prestarne Teologarne gjævare enn Lutter sjølv.

 

Desse Teologbøker, ”Bekjendelsesskrifterne” hev nemleg ikkje anna Verde, som Lutter segjer, enn at dei visar Kyrkjetrui til visse Tider.

 

Det er heiltupp Sjølvtyning for Kyrkja aa meina som Hansen og Prestarne, at det no gjeldst aa knipa oss inn i den tronge ”Bekjendelses”-trøya, som Reformasjons-teologarne saumad aat si Tid. Ho rivnar nok den, skal vaar Tid faa leda paa sine sterke Lemer.

 

Nei slutt med slik faafeng tale Prestar og vere vituge! Ver med aa kasta alle dei gamle ”Bekjendelser” og lat Samtidi vaar skapa seg slike sjølve or sitt eiget Liv, daa skal De sjaa, det vert annan Kveik i Kyrkja. Det vert berre Livebraudet for Prestarne, som kom til aa tynast, for daa trengde ikkje Folk Juristar til Prestar, men kunne berga seg med vanlegt Folk.

 

Fire Samlag er det, som høver for vaar Tid, med full Vyrdnad for kvarandre. Lat oss slutta med all den sjølvgode Tale um oss sjølve som dei einaste rett-truande og alle dei andre som ”Dissentere”, ”Sekterere”, ”Separatister” o. s. fr. Lat oss tenkja paa ein Gong aa innføra ”Aandens Einskap i Fredens Band”.

 

I gamle Dagar vart dei brende, som hadde ei gali Tru.

 

Sidan fekk dei liva utan nokon Rett og Vyrdnad.

 

Sidan fekk dei sine Serretter som ein stor Naade, Dissenterlovar o. s. fr.

 

Tidi vaar arbeider for full Toleranse elder Tolsemd i alle Maatar. Me skal tola alle, um dei hev aldri so galne Meiningar etter vaart Skyn.

 

Men helder ikkje dette er nok. For me skal gjeva alle full Likskap, det skal vera Maalet. Staten skal fara aat likeeins med alle Religionssamfund, kva dei no kallar seg, gjeva dei like mykje elder lite Pengar, same Lovar og slikt.

 

Som den amerikanske Forfattaren Fr. Gerhard  segjer:

 

Tolsemd er Utslag av sjølvgode Tankar. Kvar den, som gjer seg til av, at han er tolsam imot dei, som hev andre Meiningar, han gjev seg med dette ein sjølvteken Rett til aa lata vera aa visa Tolsemd, um han vilde, og han freistar soleis aa gjera seg betre enn dei hine. Me skal ikkje vera tolsame, men godkjenna, at alle, som tenkjer og trur annleis enn me sjølve, er jamgode med oss sjølve. Ingi Tolsemd men full Jamstelling og Likskap for alle, det er Merkjet for Mannamilda og for vaar Tid”.

 

 


Frå Fedraheimen 10.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum