Ymist.

 

Styret for det norske Samlaget  hev sendt inn Søknad um Hjelp av Statskassa stor 1500 Kr. til Umsetjing, Gjenomsyn og Utgjeving av Bibelsoge og Katekisme paa Landsmaalet.

  

Mange nye Tingarar  maa De no kunna skaffa Fedraheimen, sidan han hev vortet so billig. 75 Øre Fjordungaaret maa kvar den kunne lata til, som vil halda eit Maalblad uppe, elder som likar greid radikal Politikk. Er De berre lite Grand um Dykk og slær Dykk saman med tri andre gamle elder nye Tingarar, kann De faa han jamvæl for Kr. 2.50 for heile Aaret.

 

Kristianiaposten  kaller Fedraheimen  for det mest radikale Blad i Landet.

 

Ein Bonde fraa Telemork skriv m. a.:

 

So godt hev eg inkje lika Fedraheimen, si Garborg ha han, som no i Haust. No hev der komet Merg og Magt i honom, no er han radikal, no likar eg ’n – og mange med meg”.

  

Lækjar Oskar Nissen  er valt til Formann i Arbeidarsamfundet.

 

Sundhedsbladet tek Oftedølerne no til aa arbeida imot, fordi det millom anna ogso vil gjeva Raad for Kjønssjukdomarne, som er so aalmenne millom Folk. Oftedølerne hev ikkje den Medhug med dei, som lid vondt, at dei vil Folk skal faa Lækjedom for slike Sjukdomar, maa ein mest tru. Fekk Oftedølerne raada, som dei vilde, kom dei til aa brenna alle Lækjebøker – ja kvifor ikkje Bibelen med. Oftedal kunne fortelja dei alt, dei tolte aa vita.

 

Eit Bispeemne. Prest Asperheim hev i si Tid skrivet Landsmaal i Fedrah. Det var jamvæl paa Tale, at han skulde verta Medarbeidar i Bladet. Han lovad so gildt i alle Maatar. Han leet som um han var god baade Vinstremann og Maalmann. Men um eit Bil sagde han upp Fedrah., fordi han ikkje likad Politikken. Og no driv han paa og skriv i Luthersk Ugeskrift  imot Maalsaki ogso.

 

Den Mannen maa hava Framtid for seg; slike er som skapad for Tidi vaar.

 

Iaar  kjem det og ein heil Horg med Amerikanarar paa Jolevitjing.

 

Gamle Kilde  fraa Haland er daaen. Han hadde voret med i Krigen, og var fælt so byrg av det. Rett i Ryggen som eit Ljos var han til det siste. Han var 95 Aar.

 

Honing  burde koma meir i Bruk. Han hjelper paa Matmætingi, og er mykje brukt i Medisin. Born hev fælt godt av han, og tek han gjerne au istadetfor Braud.

 

 


Frå Fedraheimen 10.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum