I Utlandet

var det mykje Uro i 1887, mykje Tale um Krig, men det heldt daa ihop likevæl.

Russlander huga paa Krig, for der er ikkje Maalet for Statsstyringi aa gjera Folket lykkelegt, men aa gjera Landemerki so vide, som det er Raa til og so verja Hovudet aat Keisaren mot alle, som var likeglade, um det var burte. Og so trur han det er likare aa slaast med andre Folk enn med sine eigne. Vert det Krig, meiner han, fær Russeranne anna te tenkja paa enn aa driva radikal Poletikk heime.

 

Han hadde ikkje Lukka med seg i Bulgarien, han fekk væl jaga Aleksander burt, men det vart valt ein ny Fyrste og ikkje den, som Rusland vilde ha.

 

So slo Tyskland, Austrikje  og Italia  seg ihop til eit Samlag; det segjest, at det var til aa verja  Freden  berre, og ein hev endaa ikkje set nokon Grunn til aa tvila paa, at det skulde vera Meiningi.

 

Bismarck hev truga igjenom ein Sjuaarslov til Herbuningar, han laut løysa upp Tinget og smeikja for Paven til aa faa den fram.

 

I Frankrik  hadde Boulanger  Magti fyrst paa Aaret, han var hugad paa Hemnkrig imot Tyskland. Det var berre um det, at det ikkje skulde bera iveg, daa det vart sett fast og skotet Folk paa Grensemarki deira. Men Bismarck og Grevy fekk jamna det til att. Boulanger og dei krigshugad Franskmenner kom ifraa Magti, og Frankrik fekk nok aa tenkja paa heime. Tri Gonger skifte dei Regjering, Freycinet  maatte vika for Goblet, og Goblet for Rouvier, og Rouvier for Tirard. Tilslutt rauk sjølve Præsidenten Grevy, daa det kom upp so mangt Ustell haa Embætsmenner med Ordenshandlar og slikt, og Svigersonen aat Præsidenten Wilson  var og innfløkt i dette. Carnot  vart vald til Præsident.

 

I Bretland  hev Gladstones Flokk elder Vinstre voret utanum Regjeringi, men dei hev arbeidt trugje, og Valdstyret aat Høgre gjer dei sterke i Striden for Irlands Rett til Sjølvstyre.

 

I Amerika  dregst dei med den Sjuken, at Statskassa er for rik. Dei lyt slaa ned Tollen til aa minka paa Inntaket. Soleis er det aa vera Fristat ja.

 

 


Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum