Ein prest meir vis enn kong Salamon.

Det hende i ei norsk fjellbygd for mange aar sidan.

Det hende i ei norsk fjellbygd for mange aar sidan, skriv ”N. Landmandsblad”, at ei gjente var so raadvill um ho skulde faa ein bondegut som gjekk paa fri-ing til henne. Ein dag kom ho til presten og spurde seg til raads. Presten kjende baa henne og guten og visste, at det var snilde folk baae tvau, og diso sa han, at naar ikkje foreldra deira hadde imot det, so burde ho ta guten. Nei foreldra hadde ingen ting imot det; men ho var ikkje stød paa, um ho heldt av guten. ”Ja so maa du ikkje ta han”, meinte presten. Men daa gjente ikkje likte det helder, so sa han: ”Naar du er so uviss, skal eg lita deg ei raad. Høyr væl etter, kva kyrkjeklokka segjer. Segjer ho: ”ta han, ta han” so skal du ta guten; men segjer ho ”ta han ikkje, ta han ikkje”, so skal du helder ikkje ta han. Kom so att og fortel meg, kor det gjeng”.

Um ei tid kom gjenta att baa gild og glad. ”klokka sa: ”ta han, ta han”, mente ho. ”Ja so ta guten du kjære bane mitt, og gud vælsigne dykk”.

Han visste kva som skulde til, den karen.