Adolf M. St. Arctander

Adolf Maurits Stenbock Arctander var teolog, folkehøgskulestyrar og omsetjar av klassiske skrifter. I studietida vart han vekt av menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun, og for resten av livet var han overtydd målmann.

Adolf M. St. Arctander
Adolf Arctander
A.M.St. Arctander var fødd i Hadsel i Vesterålen 23. oktober 1847 og døydde i Asker 25. juli 1919. Han høyrde til ei gamal embetsslekt som kom til Noreg frå Danmark etter reformasjonen, og statsråd Sofus Arctander (1845–1924) var eit av syskenborna.
 
Arctander vart cand.theol. frå Universitetet i Kristiania i 1872, men veik helse gjorde at han gjennom livet veksla mellom skulearbeid, hagestell og litterær verksemd. Han var lærar ved Ullensvang folkehøiskole 1877–80 og styrte 1887–92 Telemarks folkehøgskule og (frå 1888) eit friseminar i Seljord saman med Viggo Ullmann. I 1901 skipa han Lofotens og Vesteraalens folkehøiskole på farsgarden.
 
Arctander publiserte fleire utgreiingar og meldingar om språklege, litterære og politiske emne. På sine eldre dagar sette han om Wallensteins læger av Schiller og Faust av Goethe.

Frå Per Halse; "Adolf M.S. Arctander", Allkunne.no, sist oppdatert 8.5.2013 [lesedato 20.12.2017]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
 



Tekstar om Adolf M. St. Arctander