Jenny Arnesen

Jenny Magdalene Arnesen, forfattar og journalist. Ho var ein av dei første kvinnelege journalistane som skreiv på nynorsk.

Jenny Arnesen
Jenny Arnesen
Arnesen var fødd i Os 8. august 1862 og døydde 17. juli 1929. Ho var den første som skreiv seg inn som elev ved den nye folkehøgskulen på Voss i 1895. Langt på veg livnærte ho seg som dokkemakar.
 
Det første stykket ho fekk publisert, stod i tidsskriftet Nora i 1889, og i 1896 prenta Unge SkudStølsgaman. Seinare skreiv ho mykje i blada Unglyden og Hordaland, som begge kom ut på Voss. I tillegg til vanleg referatjournalistikk skreiv ho særleg mykje om skule, kyrkjeliv og oppseding, og som oftast signerte ho med Strilagjenta eller J.A.
 
I bokform debuterte ho først i 1914 med skodespelet Gunnstein Kvaale. På to år gav ho ut tre skodespel til. Arnesen skreiv også eit par oppbyggingsskrifter
 

Frå Ottar Grepstad: "Jenny Arnesen", Allkunne.no, sist oppdatert 28.1.2016 [lesedato 21.12.2017]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

 
Anton Aure: Jenny Arnesen (Biografi, 1916)