Aksión på Tande

(Dikt, 1926)

Av Olav Aukrust

 

Det stod ein vill aksión på Tande
som støkken står tå den dag i dag.
Og dit kom utvalt og alle hande,
ja folk og fylgje tå alle slag.
Det vart eit namngjete, djevla ståk der,
va' svartøygd tater frå nørdst i Skjåk der, -
    og Randa-Knut'n
    og Sanda-guten
og 'n Nils Johansen innfann seg der,
og Nygjordsvetlen og 'n Petter-Per.

 

Frå Tande ber det på blåe gÍlet,
so all sin dag va' det bratt til gards.
Men huff, gud-fri-de', gut, dette bÍlet,
med klårt og kaldt attpå tøyr'n i mars!
No kun' ein veg ikkje verre vera:
ein skulde tru, det var nok å gjera
    um snøgg og sne'ug
    og laus og le'ug
ein stal seg upp der på kuv og kne -
men tenk deg gå der med fôr og ve'!

 

Ved Staberg let det i myrkret: «Ska' du
åt aksióne på Tande, du?»
«Å jaggu ja, lel, - det klaffa bra, du -
og brennvin plaga du 'kje vande, du?»
Og drikkast laut det, og brennvin ha' døm,
og midnatts leite ve' Tande va' døm:
    i glasom skein det,
    på låvom rein det,
og huff gut, inne va' heto hard,
og sume hua på fri gard.

 

Ho Beret Burtafor, råe såta,
du kann då vita deg, ho va' der, -
ho Dansar-Eli med, - «den gratåta»,
og mange fleir enn som nemnest her.
Og det va' dragsmål og drikk og drit der,
og flust med brennvin og nøgdi sprit der,
    og fela hulla,
    og blodet pulla,
og full stod ute, med, ein og skein,
og det va' månen som stod og flein!

 

Og slusken dansa so sveiten hylja,
og fyrkjun' hivde vart høgt i tak.
Og Store'n bråka, og Bruen bylja
og braut 'n Brenn-Amon att-å-bak.
Og fem ha' fullkome nok med Brua,
og Musken rein, og 'n Raud-Hans hua,
    og det vart riving
    og hogg og hiving,
og Muskeguten seig ende ned,
og Nygjordsvetlen sa «Hvil i fred».

 

Og sume kne-gjekk og sume kniva,
og sume dundra og spela kort;
'n kløvvde skiva, 'n Klebber-Iva,
fordi 'n Nils ikkje la' på fort.
Ja det va' kortspel og fan og fusk der
og fyrkjefillur og slams og slusk der
    og slag i bordet
    og mange store
i «beit» og «hoggar» den heile natt,
so skuggan' rædde på veggjom skvatt.

 

Det leid til vårs, det va' hålkeføre
og svell og måne og uppe glas.
Og stinn va' stugu, og folket øre,
og Store'n styrlaus att fekk eit ras - -
og hivde ut gjenom glaset dragspelet. -
«Jaggu segla det kav på elvgjelet!»
    kneggja Steinbakkjen,
    ør og bråvaken, -
tru 'kje leiken va' slutt med di:
«'N Per og fela!» skreik mange i.

 

Og seint um sidan so fekk dei vaken
'n Per som flaut i eit veldigt rus.
Då hogg han i med 'om «Kristen Naken» -
og springleik var det og huskehus,
til morgonmånen stod reint forsuppa,
og slide slusken i skam seg duppa, -
    og upp det flotnar
    frå stygge botnar,
og avskumsord som ein brotsjø bryt:
«Nå vil oss drikke, te sjæle flyt!»

 

Og alt som skam heiter, do og dåna,
og Busta'-bytingen sa sin dom -
at dansast skul' det, til mergen bråna
og skjurta stod att på golve' tom,
og blo' og brennvin og kokte andlÍt
og dans og huing vart rus og vanvÍt,
    og glas vart knasa,
    og dyret rasa
og ståka ytre og verr' og verr',
og fleir' og fleire drakk spriten berr.

 

Den fjorde morgon eit syn dei såg som 
vart bygdabore bå' upp og ned.
Forkomne bókkan' i bakkom låg som
um vår'n iland-flóten rekarved.
Sjå ville ofsen i styrlaus blodvår
ha' gjort si gjerning og fekk sitt uår ­
    då ruset rakna
    og modet spakna, - -
men herja tomt i den heksedans,
der høgt til himmels i strålekrans, -
der vind gjekk fritt gjenom kvar ei rute
og vår og vigge stod inn frå ute,
låg Tande veldigt i morgonglans - - -
 

 

Aksión: aksjon
«Kristen Naken»: ein gamal springdans.
Bókkan, av bokkje: gap, utange

 


Frå Hamar i Hellom, 1926. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad