Bånsull

(Dikt, 1926)

(ein haustkveld) 

Av Olav Aukrust
 
Å skin i skardom.
Hanen gjel og røyk stig på gardom.
Hjalar hjuring høgt i hø.
Rim på blad og bleikna bø.
Gulnar konn i dalom
og visnar lyng i lidom,
- å lidom.
 
Byssam, å fjaggen.
Kjellargufs og godt øl på kaggen.
Øl til gjest og gangarmann.
Gamel-Synne mjølk i spann, -
snilde Gamel-Synne
og Sissel Søtilbakka,
- å bakka.
 
Brim og mysublande
ska' heller ikkje folk vilja vande.
Nysilt mjølk ska' båne få.
Vert det ingor onnor rå',
so finn me bær i skogen -
men trøyste oss, kjem sjogen,
- å sjogen.
 
Myrbær på Mytingen.
Tett på tuva raud finn me tytingen.
Soli skein so varm og blid -
hegg og bring og blåbær-lid
kjem med bær åt honom,
ja bær åt alle bonom,
- å bonom.
 
Byssam, byssam båne'.
Langt burt i berg og blankan blåne.
Rauberg stul og Ljosli gauk,
vakkert vêr og ingen hauk;
berre eg og du, san,
ska' der i fjellom bu, san,
- å bu san.
 
Liten Tusul bror, han
vert nok både sterk, han, og stor, san.
Fange fisk i djupan tjønn,
gå på ski og skjote bjønn -
det skal Tusul bror, ja,
når han vert sterk og stor, ja,
- å stor, ja.
 
Haust og hustre ute.
Regnet slær og tandrar på rute.
Hu-Jo sit i høgan hjell,
rekargaupa gøyr i fjell.
Tusul ska' få byrse,
å byrsam, bån, å bysjam,
- å bysje.
 
Båne' ska' 'kje gråte.
Fela, ho skal leike og låte.
Du ska' sjå, det her vert stell,
lambi, med, kjem heim i kveld,
so slepp dei gå det våte
og frjose inn i fjellom,
- å fjellom.
 

Frå Hamar i Hellom, 1926. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad