Bøn

(Dikt, 1930)

Av Olav Aukrust
 
Gud, lat mi næring på denne jord
vera det ævlege livsens ord,
lat meg få vekse i heilagt vé,
kjenne meg grein på det ljuve tre
og som di utstråling trengje
beint gjenom myrkret og sprengje
skuggar og dimme og dødsens mein, -
lat meg få eige den kvite stein,
større og større forklåring nå,
del i den fyrste uppstoda få -
glad gjenom klovnande eimar
skode dei heilage heimar.
 
Tidi må breste der æva gror, -
Gud, skal eg fødast på nytt på jord
og finne at striden kvesser seg til
endå meir frøsande nifs og vill,
endå meir berrsynt og naken
millom Mikael og draken,
lat meg då trugen, i heilag gir,
tene deg fullnøgd, rein og skir:
lat meg få vera i flokken den
som enn for ditt namns skuld i trengsel stend,
og då for det sann-fagert gode
ut alle krefterne bjode!
 
Gud, lat ditt rikefå vekse fram!
Jordi du lyfte frå ham til ham -
løys ved ditt Ord både den og oss:
blodet som stråla frå Kristi kross
jordlivet gjenomgløde,
frelse og atterføde.
All skapningen sukkar, og synlegt kjem
eingong det nye Jerusalem, -
høyr tusundtal ufødde kvæde syng
at stjernur og hjarto og gras og lyng,
eingong når sløri mun falle,
sannar deg alt i alle.
 

Frå Solrenning, 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad