Det haustar

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust
 
Isvatn siklar i is og stein.
Ut i kviturdi stor ligg grønmorkne bein.
Det bløder og bleiknar i rust og raudt.
Det susar og syng so einsleg og audt.
Som einslege foss inn i fjellom.
 
Det hev kasta n'i hø. Det er grugge og grått.
Det haustar i fjell; det er gyrme og vått.
Som ein sinnsjuk flokk det krøkjer og kryr
med rotnande fjellbjørk burt over ei myr;
ein flokk av livande daude.
 
Ut i hør og heim, inn i gråe fjell,
der regnskoddi sturer mot seine kveld -
der nord og ovanfor vindstilt - -
der hustrar og græt det so hugilt, -
det grin nord i Jyrudalshø.
 
*
 
I regnvêret mugge og moe
sturde ein einsleg noe.
No, det hev klårna, gusten
sit han der; hyven og hustren
gjætl'-guten brenner høgt upp i hø.
 
Djupt nede ser han haustklåre straum.
- Løyndomar dormar i dimme draum -
som skrinlagde lik, som skræmer med liv,
dulde minne i hugen sviv,
bråvekte, kløkke og vàre:
 
På sletta ved elv ligg ein huldregard -
burte er alle som fyrr der var.
Ein fugl sat på ruta: mannen var feig.
So brende dei likhalm, og røyken steig
høgt i den blånande haustdag.
 
På sletta ved elv ligg ein stor, svart stein.
Innunder der ligg det morkne bein &
Bærlikamp trugar med Bærlikamp-otte -
der heng att meir enn det ned hev dutte.
Der tyngjer ein gamall spådom:
 
Blakke hestar og svarte hingstar
styrmer nedunder og ris og vrinskar
- solrøyk skjelv i den soldag varm -
brur og bru'gom sit høgt i karm.
Då skal Bærlikamp dette ned.
 
*
 
I jøtulgryta ved fossedunder,
der elvi fjøyskokar djupt innunder
- haustnatti gaper so stor og still
der susar ei munnharpe, mjuk og vill,
og tyngre, og mjukar', og villar'.
 
Munnharpa vesle spelar det på,
det leikar seg fiskar i bylgja blå,
det skjelv i kløkkaste livsens merg,
og rovfugl óìrnar i blåe berg;
og steinveggen kløkk i sitt klemstre.
 
*
 
Ei underleg verd deg i skogen møter:
mark-vegar inn gjenom morknande røter,
- hestmaur og sleipe og skval av my,
og trollkatt-smør og trollkjerring-spy
på vindfall langt inn i skogen.
 
Og bleikraude staup og blaute soppar
med regn som draup i dei gule koppar;
sopp syg væte på gisten ved
og mjuke skåler på gamle tre, -
likbleik står skogen og bløder.
 
*
 
Det klårnar i høgdi. Sjå skoddi sig.
Hanen, han gjèl. Og røyken stig -
det er uppljost att no! Det var regnvêr i går.
No tykkjer eg dagen so signa klår.
September med storklokkom kimer.
 
Det stilnar. Det bleiknar og blånar.
Det haustar. Det kyngjer og klårnar.
Himmelen kvelver si krystalskål,
storstilla ly'er, blånande klår -
september med storklokkom kimer.
 
So fredt og lydt. Og so haustklårt og stilt.
Grønbleike reinune lyser so blidt
mot gulnande åkrar. Tagall og stur
bringen bleiknar ved røys og mur,
og lauvskogen gulnar i lidom.
 
Grøver skjèr seg veg gjenom skard,
gjenom djupe, jarnsvarte grova-fàr.
Som i gravrust sylvådri skir og kvit
dei skin nord i lidom og lyser hit,
som upprusta, nyslipte ljåar.
 
*
 
Elvi flyt still under bergvegg.
Upp-ivi heng rogn og trollhegg.
Rogni luter sin blodbær-krans;
elvi flyt bleikgrøn i geisleglans. -
Og blodlyng bleiknar i lidom.
 
Um sinnsjuk jomfru i gråtblind draum
syng ut i hausten den elvarstraum.
- Mjukar enn vanvit er kjærleiks draum.
På botnen eg øygner i klåran straum
gule og kvite steinar.
 
*
 
Elvi dundrar i gìl og strype,
det ryt i klemstre, det gjèl i klype. -
Bærlikamp trugar med hoggande hand.
Flå-kinn flyg bratt imot himmelrand.
Og bergosp ringlar i høge kinn.
 
Einsleg um alt - heng bergosp i kinn,
ringlar i fjellgust og morgonvind,
krøkt og kne-høg, gomol og grå.
- På berg upp i baklid stur seg eg stå
ei utlivd og burtgløymt ly'u.
 
*
 
Det er uppljost att no! Det var regnvêr i går.
No tykkjer eg dagen so signa klår.
Det blånar i høgdi; sjå skoddi sig.
Hanen gjèl. Og kveldsrøyken stig.
Kvelden tøygjer og tagnar.
 
Brandane dett som frøsande ormar.
Eldmyrja liver. Glohaugen dormar.
Det tindrar og tandrar, det styrmer og krèk:
fager bru'hop ikring gryta rèk. -
Det er kveld-vàrt og natt som stillast.
 
Sælt det er i den stille kveld
koma heim or dei ville fjell. -
I det store skil millom natt og dag,
når klokka ringjer dei midnatt-slag,
då vert det natt som stillast.
 
Når det nemner seg, alt - ut i odd og klo,
so det einskilde kvitnar som kvitglødde glo -
når det røyver seg djupar enn røter i berg -
når det kløkk i vàraste livsens merg,
då er det natt som stillast.
 
[Red. merk.: Diktet vart første gong trykt i Den 17de Mai 27. oktober 1908, då i ei litt anna form. Det var første gong eit dikt av Aukrust stod på trykk, skriv Ørnulf Hodne i Norsk Biografisk Leksikon, band I, 1999. Diktet står i samlinga Himmelvarden (1916).]
 
 

Frå Olav Aukrust: Dikt i samling I. Gyldendal norsk forlag, Oslo 1942. Side 18-23. Elektronisk utgåve 2004 ved Nynorsk kultursentrum