Ei gamal segn

(Forteljing, 1945)

Av Olav Aukrust

For lenge, lenge sidan, lenger attende enn nokon kann minnast, livde det ein prest på Lom som roptest for Frisak. Fyremannen hans heitte Truls.

So var det ein sumar lesarborni var so reint uhorveleg dumme, og fullt var det av deim, so det berre krydde. Nordherad sokna til Lom og i den tidi, måvita. Det var endå fyrste sumaren Frisak var prest her. Nei, so var det ein dag medan Frisaken ståka med lesarom ute i kyrkja at det gjekk alt for ille. Han tok upp den eine lange slampen etter den andre; men eit einaste skaplegt svar fekk han ikkje, og dei var ikkje likare gjentorne heller. Då vart presten fljugande sint. «Truls kan komme tilbage og tage sine hedninger igjen,» ropa han og trødde i golvet so det skolv i kyrkja. Storhopen hadde gjenge hjå Truls året fyrr, måvita og ikkje sloppe fram.

Men han skulde nok ikkje kalla på Truls lel, han Frisak. Um natti vart det slikt leven og bråk uti kyrkja at det var grove ting. Han Frisak laut upp att og det fort.

Den gongen var det ein tenestgut i prestegarden, og den guten heitte Hans Øy. Honom bad Frisak vera med seg, og so rugga han og presten ut over kyrkjevollen. Stumkulande svarte natti var det; inne i kyrkja vart det verre og ikkje betre. Det buldra og brøkja som den vonde sjølv skulle ha vore laus, og stundimillom klemta det med klokkom i tårnet. Det var ikkje nokon lystmat å koma inn på kyrkjegarden ei slik natt. Då Frisak var ferdig til å setja lykelen inn i kyrkjedøri, sa han til honom Hans: «No skal du standa heilande still og lyda. Du kjem til å få høyra tvo mannemål som buldrar mot kvarandre. Den eine som talar, eg eg; dersom målet mitt vert veikare og veikare, og buldret åt den andre veks og veks og vert avleg sterkt, då lyt du nøyta deg inn i kyrkja. Men dersom målet mitt vert sterkast, då skal du berre passa på å slå døri upp med det same du høyrer eg kjem.»

So gjekk Frisak inn i kyrkja. Men då skulde du høyrt det vart ståk der gut! Det vart eit brak og eit bulder verre enn ulikt. Best det var, høyrde han Hans Øy tvo mål, og desse rådde snart grunnen åleine.

«No er det Frisak og Truls som er i hop komne,» tenkte han med seg.

Stundom var det Frisak som buldra høgst, andre tider var det Truls. Nei, best det var, høyrdest det ut til at Truls reint hadde fenge ivitaket. Han Hans Øy stod blaut av sveitte. «Eg vart reint kaldsveitt av rædsla,» sa han sjølv sidan. Men best det var, åretta Frisaken seg att, og no lyddest det ut til at Truls dovna. Best det var, skolv det gjenom heile kyrkja; det var han Truls som sokk ned att. I det same kom Frisak drivande som eit vilt ver; bleik var han som ein dauding. Han Hans Øy var ikkje sein til å slå døri upp. -

«Det vart so han stod seg til sist, lell Frisaken; men det var berre so vidt au, det,» sa han Hans Øy når han sidan fortalde um denne tilburden.

(1909)

 


Frå Årbok for Gudbrandsdalen 1945. Utgjevi av Dølaringen og Gudbrandsdal historielag. Otta: Eige forlag 1945. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad