Einsleg

(Dikt, 1926)

Av Olav Aukrust

All hennar buskap er komen i kveld.
Storstilla lyfter seg. Ikkje eit liv
        er att uti fjell.

Haustsoli ned attum Lendhø glatt.
Ein spiter av globleike, tindrande sprænur
        stod tandrande att.

No er ho fjella. Ein kveldsróde rein
langt atti kampom glimar i Klimpom.
        Der er ho sein.

So kjem han, den siste, den dulrame gjest
som kveldsgullet ranar på heidar og tindar
        til burtlengste rest.

Myrkret ikkje rullande. Manar til ro.
Alt støkk attende for audni og natti...
        So nære som ho.

Kven er det som sviv uppå Jyrudalshø'n...
Ti år gjengne; men enn er ho fest der.
        Med saknad tilløn.

Det skranglar i krake og bergblakk ved
der midt burt i kampen, for ørn berre ustygg ­
        so bratt er det ned.

Der nede på elvi er ingen som ror.
Naustet er burte, og nedsanda båten
        set aldri meir spor.

Aldri ei båre meir klappar um kjøl.
So burte er den tid som spor etter båt
        over haustblå høl.

Det legg ingen båt inn på kvitsteinstrand ­
løynrodd av ein som kleiv nuten um natti
        og hit upp fann.

Nattvinden rek i det haustgule skrud ­
Det er ikkje anna enn detta ho høyrer.
        Å Herre min Gud!

Ein vindgust frå allstad og ingen stad...
Det er det einaste. Haver i millom.
        Ein gong var ho glad.

So haustvåt er natti, so heit hennar kinn,
so myrk, so forfælande meiningslaus verdi
        og lagnaden blind.

Fjellnatti susar, det lid og det skrid.
På nytt finn ho leidi og stigen hin løynde
        til haugane tri.

Der gjeng ho til møtes med guten sin ­
der gjeng ho i draumar og minne og møter ­
        'om Tusshaugvind:

Ein einsleg, ein kveld-viss og fjell-viss blåst
som, høyrd av budeigjur her hundratal år sidan,
        aldri forgåst.


Forklaringar:
Lendhø: Fjell ved Bøverdalen i Lom.
Glatt: gleid.
Spiter: fin stråle.
Sprænur: spræne; fin væskestråle.
Tandrande: brennade.
Fjella: gått ned bak fjell.
Klimpom: Klaimpann; fjell ved Bøverdalen.
Dulrame: løyndomsfulle.
Jyrudalshø'n: fjell ved Bøverdalen.
Krake: forkrøpla tre.
'Om: honom.

 

 

 


Frå Hamar i Hellom, 1926. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad