Fan sette dansen

(Dikt, 1965)

Av Olav Aukrust

Fan sette dansen i helvite ein gong,
han Gamle-Eirik dansa, so knivslira slong.
Fan var spræk i dansen, og Styggen like so,
Hinmannen, stakar, var gamal vorten no.
Fan spente taket, og Styggen dansa stilt, -
Hinmannen hinka, det gjorde honom ilt.
Bestemor åt Satan innpå eldsmålet braut,
oldemor åt Satan låg i sengi og raut.
Fan la på pipa og kveikte med ei glo,
mor hans sat i sæte og munnharpa slo.
Gamla slo horpa, so det serra og song,
Satan han dansa, so sokkebandi slong.
Helvitlogen lyste både gul og grøn og raud,
gamla slo på horpa, so det serra og saud.
Han Gamle-Eirik blistra ein vindflogu-slått -
og no losna dansen i helvite brått.
Styggen vart styrlaus, og Fan tro i golv -
Styggen dansa halling, so helvite skolv.
Då vakna den gamle i sengi med eitt -
han Gamle-Eirik tagna, og Satan vart sveit.
Ho riste seg i ragget, då banna ho stygt.
Då vart det i helvite hoggande stilt.


Red.merk.:
 Leif Mæhle, som redigerte den posthume samlinga Skaldespor, skriv i ein note at det finst utkast til diktet i ei kladdebok som tyder på at diktet er frå ein svært tidleg periode.


Frå Skaldespor, 1965. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad