Fire budeigjur

(Dikt, 1926)

Av Olav Aukrust

 

Det synet som skræmde meg so gråten kom
    - i draum ein gong
    so trengsels-trong -
var fire som rekande med båten kom
    - i flaum ein gong,
    då draugen song
for fire berrerma budeigjur.

 

Eg såg det frå fyrst av, ja høyrde og såg, 
    i draumen so ill,
    korleis det bar til:
det byrja i Svartlidi, sætri som låg
    so burtgøymd og still
    i høgvigga vill,
og ville var gjentun' med, dera:

 

«Når sist, Beret, salta du stuten din?» 
    «Enn du tru, din, -
    pass truten din!»
«Du Tone, du gantast med guten min!»
    «Å vås uti vind!
    «Å blås uti vind!»
Og det galdra og skvaldra i selet.

 

Dei la' seg so heite den laurdagsnatt, 
    og vakna or blund
    ved morgonmund, -
so kipne, so kåte or sengi dei spratt 
    og svalla ei stund,
    og tralla ei stund,
og det hulla og sulla i selet.

 

Det elda for dag, det var sundagsdåm
    og doggblank lid,
    og jonsoktid:
«Sjå skogen - til langt uppå leggen i flåm!» 
    Og dagen kom blid:
    ei regnvérs-rid
var over, og angane fløymde.

 

Fjellvatnet vogga sin blanke smaragd 
    mot grasgrønt land;
    i dagbrot-brand
blømde det so fager ei skyhimmel-bragd 
    og skvala ved strand
    og tipla og rann
i graslende langt inn i fjellet.

 

Sumarnatt-månen hekk att som ei gul 
    sky til det skein
    i glasom og glein
frå Grøna, ein aurgamal høgsæter-stul 
    som fjell-morgon-rein
    på gråberg og stein
låg i glansen for Svartlid-budeigjom.

 

I villmarki burtanfor vatnet der låg 
    hin tindrande teig
    som fjellaudni eig:
i solsida glitrande Grøna dei såg, 
    og skoddi som seig,
    og røyken som steig
frå selet, som venta dei fire.

 

Dei skunda seg til strandi då dagen rann 
    på Rindurs-nut, -
    skauv båten sin ut;
men ingor av dei sette fot meir på land: 
    um sorg og um sut,
    um naudi til slut -
spør dundrande Sprangdals-fossen.

Veldug rann soli, til fjells og til skogs,
    og glansen kom,
    og gauken gol ...
Dei ansa 'kje, dei sansa 'kje at flaumen voks,
    at osen saug,
    at fossen mol
sin røyk upp or dundrande djuvet.

Rædsla kom brått som eit kvervil-kast -
    for seint vart dei var
    kva leid det no bar:
mot fossen, mot fossen gjekk båten med hast, -
    og selde dei var,
    og angesten skar
so knivande kvast gjenom barmen.

 

Som småfuglen rømer for vengbreid hauk 
    til hjarta hans brest,
    fyrr kloi er fest -
sootten av voni med vengkloven strauk 
    burt kvar ein rest,
    fyrr dauden som gjest
kom gufsande beint inn i båten.

 

Dei blodsprengde kvitna og tok etter tev -
    det gufsa so brått
    og rauta so rått
frå fossen som rauk med sitt domedags-drív, -
    der sprøytte det vått
    mot hengbjørk og blått
himmelhav høgt over djuvet.

 

Hengbratt kom fjellelvi stupande ned: 
    eg sat på ein pall
    og kjende det skrall,
so grunnane skolv under skinfaksa tre, 
    og fossen var all
    eit rautande fall
frå utróset ende til himmels.

 

Då tyktest eg høyre eit skræmelegt hjal, 
    ein støkkjande óm
    frå ukjende rom, - -
sjå båten kom blåsen so lett som eit skal,
    og var ikkje tom,
    og fauk som eit fjom
på gule, på gaulande fossen.

 

Då stordundra djuvet, då skrall det eit skrik: 
    av mara so trengd
    at støkken vart sprengd -
låg eg, der eg sveitlauga, bleik som eit lik, 
    or sengi var slengd, -
    og draumen var flengd,
og blodfossen skrall i mitt øyra.

 

*

 

Eg høyrde det fortalt meg som gut ein gong 
    av godmor mi;
    i hennar tid
stod støkken forsteina, i meg vart det song: 
    den rædsla vart mi, -
    eg laut gjerast fri -
med song um ein draum um eit minne.

 

---

 

Flåm: flaum.
Utrós: utlaup.

 

 

 


Frå Hamar i Hellom, 1926. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad