Fuglen hin váre

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust
Som fuglen hin vá¡re og vá¡ke på einslege varde i fjell
sit og ly'er, sit og spæjer -
soleis ottug og einsleg ved dag og ved morgon og kveld
sit eg bivrar, sit eg bægjer
burt og ifrå meg i ofse ein usynleg angest-her;
det myrknar og haglar og smell ikring varden, og slær som eit eldringvêr.
Einsleg som varden er fuglen, og like so tagall og still
er fuglen hin vá¡ke, fuglen hin vá¡re, -
ja, einslegar', einslegast er han, for fuglen veit han er til,
veit det er vågsamt, veit det er fare.
Då kvelver han veldige vengen og stryk - og kjem dit att som fyrr:
når timen han kjem, sit han atter på varden der, einsleg og spæjande kyrr.
 

Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad