Gudbrandsdalen

(Dikt, 1931)

Av Olav Aukrust
 
 
«No ljosnar Gudbrandsdalen,
og natti søkk og sig, -
sjå, bruri inn i salen
med solbjart åsyn stig.»
Ja, sannar seg synet, vert vå-an' i beite,
- men vil du det vita, kva bruri mun heite,
ja, då må du våge di von, gut, og leite 
    den lange, lange leid.
    Hugs, det skein ei
    mild og rein ei
    djupt i sjølvom deg.
 
Kom, leit med lengslom reine,
ja finn din Glitretind -
og sjå deg ut den eine
som fangar hugen din!
Kom vilje som korkje er veik eller valen:
det lengtar og ventar so mangt, her i dalen -
eg meiner den guten forgjord er og galen 
    som går den galne leid. 
    Hugs, det song,
    - å, mang ein gong! 
    so vakkert just for deg.
 
 
Her høgst mot himlom flóget
med ørneheimar flyg.
Just her óg tyngste sóget
med avgrunns-eimar syg:
tvo ofsar kjem fuse, - den rette oss fengjer,
når viljen gjev hugen dei ørnsterke vengjer, -
ja våen lyt klovne når livsofsen sprengjer 
    seg veg den rette leid.
    Våg, so vinn du,
    leit, so finn du
    fylgje upp og fram.
 
 
Sin ættar-arv no krev ho,
sæl kvar som den mun sjå!
Og heimanfylgje hev ho
i foss og fjell endå.
Og myri og marki og bratta og skogen,
dei vonar og ventar på grevet og plogen:
dei ventar og stundar på viljen og hugen: 
    «Her ligg ei lagleg leid!»
    Høyr, det græt
    og syng og læt
    so vent i mork og heid.
 
 
Det song for deg i sinnet
so mang ei einsleg natt:
No lyt du bruri vinne
og hennar kvorvne skatt!
Og skatten, han finn du i arven og ordi,
frå mor og frå far og i deg og i jordi,
- sjå bruri skin upp i deg sjølv, ho, når soli 
    gjer klår den rette leid.
    Ljuv den soli
    kjem, når joli
    bryt vår vinter-natt.


Då livnar Dovregubben,
den eldste her til lands,
og kjem med julkvelds-kubben, -
jau då fyrst vert det glans!
Og soli og joli og ordi skal skine
so norske som dalen, og telen skal tine,
og bruri, ho lokkar: «Fylg lengslune mine -
    den ljose, lange leid! 
    Suril, suril,
    suril, suril, - lei.»


Ja, vårast Gudbrandsdalen
mot sumar varm og klår,
då stig ho blank i salen,
den rette bruri vår.
Og syndi og sorgi er avsagd og sona,
sjå bruri er fagrar enn nokon hev vona -
og viser oss klårøygd, ja kransa og krona, 
    vår rette framtidsleid.
    Det skin so blankt,
    det bér so langt
    som lengselsdraumen din.
 
 
Lat bruri då få téseg
som den ho røynleg er.
Kvar den skal djupt få gle seg,
som ljos for henne bér.
Ja då skal det bråne, det kjøvande bandet,
og det som me djupast hev vilja, då vann det,
og bruri, ho strålar mot alle i landet
    og lyser langan leid:
    mild og rein
    som når ho skein
    og song for sjølvom deg.
---
Våan: fårane, trolli, styggedomen.

 


Frå Norske terningar, 1931. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad