Hjartans djupaste lengsel

(Dikt, 1923)

Av Olav Aukrust

Hjartans djupaste lengsel brenn
i myrkret med natt mun lide.
Men ljuvleg er det når soli skin,
då raknar so mang ei kvide.

Redd gjenom natti eg Rimfakse reid,
og burte var stjernor bjarte.
Då rann det sol over helut hei,
då rivna natti den svarte.

Skinfakse reid eg, og jordi skein,
og alt som på jordi drøymde,
blomar og hjarto og klaka stein,
og gleda or augo fløymde.

Jordi sprengde sin drake-ham,
eg tykte ho skein forklåra
og sumde som skinande svane fram,
ja, frigjord og sigers-kåra.


Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 364-365. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad