Kulokk

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust

 

Eg gjekk meg ein dag i den myrke hellarskog,
    - tidi fell meg long -
lind der inkje lyste, og lauv der inkje log.
    Det er eg som ber sorgi so tronge.

 

Eg høyrde ingi hjaling, eg høyrde ingen ljom.
    - Det kveldar i mitt sinn. -
Der blikta ikkje blad, og der bivra ingen blom,
    der båra ikkje blomar uti vinden.

 

Med eitt fekk eg høyre so hjarteven ein song
    - det kløktest i min hug. -
«Eg sat her og venta deg so mang ein einsleg gong» -
    eg lydde på den songen uti skogen.

 

«Eg syrgde, og eg venta i so mange, lange år,
    - eg lengta og eg leid. -
Tru skal det aldri grødast, det djupe hjartesår?»
    Det skumer so nifst over heide.

 

- - -

 

 

Frå Norske terningar, 1931. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad