Kvite segl på blåe hav

(Dikt, 1930)

Av Olav Aukrust

 

Kvite segl på blåe hav
kuva seg for mjuke vindar.
Soli vatnet kyssar gav,
lidi steig det eimar av -
attanfor stod høge tindar.
Synsk eg der frå kunde sjå
mine skip gå til og frå.

 

Rik og raust eg reidde ut
mine inste ynskjedraumar.
Men det valda eigar'n sut
at hans folk so tidt til slut
styrde inn i kvervil-straumar.
Band og bergings-båtar brast -
havet tok den dyre last.

 

Du som reiser i mitt namn
styresmann på fagran flóte:
lyft mitt merke høgt i stamn,
ver meg tru på kvar ei hamn -
yt og byt på beste måte.
Og når storm og båre bryt -
stell det so at flóten flyt.

 

Vidt og breidt no reise radt
du min tolk med tusund tankar!
Kom so over djupni att
heil og sæl ei solskins-natt:
all den søte som de sankar
heim til hamni, over hav,
gjer eg vin og honing av.

 

Held de ut i varmt og kaldt,
held de ord og gjer de ære
på mitt namn i eitt og alt, -
fekk eg sjølv, kvar gong det galdt,
dykkar von og vilje nære:
då skal de mitt velde nå,
del i all mi eige få.

 


Frå Solrenning, 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad