Lengsel under alle lengslur

(Dikt, 1930)

Av Olav Aukrust

Lengsel under alle lengslur,
du er einsleg, du er ein.
Du som trassa r alle trengslur,
einfengd du og liljerein
låg og livde djupt i hugen
som den løynde lauk i skogen
medan mang ei lauva grein
braglande i dagen skein.
Mange heite grytur kolna,
mange brikne greiner grisna,
mang ei småblømd ovring folna
mangblømd burt med blad som visna,
medan du idalar døkke
næring saug av sol og jord:
holken brast, og til din kløkke
klokkeblome blank og stor
kviskra vinden: Sving og kim!
Klåre klokke, ring og kim!
Kim i alle kyrre skogar,
ring og kim for alle hugar,
kim i bleike, frosne lundar,
kim for kvart eit liv som stundar.
Kysst av Himeriks Aurora,
morgonblank, med gråt i auga,
skin du, lengsels uniflora,
i dei fyrste geislar lauga.
Lengsel over alle lengslur,
fager er di blømingstid:
Opp or kjellarmyrke trengslur
stig du no med krona fri.


Forklaringar:
Einfengd: enkel.
Braglande: blussande, glimrande, prangande.
Brikne: prektige, friske.
Grisna: tynnest.
Folna: visna, svann bort.
Kløkke: mjuke, spede.
Geislar: strålar.

 


Frå Solrenning, 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

 

Lengsel under alle lengslur