Mot dag

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust

Fyll mit hjarta med heilag song,
fyll min hug med heilage tankar.
Gjev meg næring kvar naudstadd gong,
styrk meg kvar helst eg vankar.

Gjev meg det som eg djupast treng,
truskap på vågsam veg gjenom verdi.
Kjærleiken lyfte sin engleveng,
fylgje min vilje på ferdi.

Lat meg få leite i sorgfull lyst
og lyfte or djupet den skire skatten.
Gjer meg alt meire og meire tyrst,
læk meg med livsens vatn.

Upp du lyfte min kjellarlem -
no fløymer di sol over blomar bleikte.
Takk for di eg kjenner du kjem,
takk for at ljos vert kveikte.

No mot den blåe, strålande dag
stryk du skoddi frå fjell og tindar.
Otten min kverv for ditt andedrag
som eimar for morgonvindar.

 


Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad