Munnharpa

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust
Det hende meg det at eg sorglynd
ei upprusta munnharpe fann.
Eg vekte ho upp, og so tvinga, so trolla
me fram hennar eigarmann.
 
 
Han flaut inn på myrke fløymur
som ville mot strandi valt
frå drag-sóget djupt under munnharpe-fossen,
og bleik han fortalde meg alt ...
 
 
«Eg hadde ein gong ei munnharpe.
Ho var so eitrande god.
Eg fekk ho av henne Tater-Beret.
Du kjende no fulla ho.
 
 
Den munnharpa hadde eg lenge.
Ho var so sprengjande god.
Det var so det dirra i alle røter,
det saud ut i odd og klo.
 
 
Eg hadde ein gong ei gjente,
ei tjønnstill og stjernebleik ...
Det var som ei fossande munnharpe-hildring,
det var ein fortrollande leik.
 
 
Den gjenta hadde eg lenge.
Då spratt det so nifs ein gneist:
eg dulde min ofse - og naut hennar kvide -
då eg kom att var ho reist.
 
 
*
So gjekk eg ein gong og fiska.
Det var so knettande stilt.
So vilde eg slå munnharpa mi,
eg var aldri verre hugilt.
 
 
Den natti hugsar eg endå.
Det var so myrk ei natt.
Munnharpa datt ned i ville glóp-urdi,
eg leita og fann ho 'kje att.»
 
 
*
Og munnharpa saud og dirra,
ho var i den rette hand ...
Då stupte han ned i mi djupaste forntid,
den uppvekte eigarmann - - - -
 
 

Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad