Natt som stillast

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust
 
Soli fjella, glein og glatt,
fjell står att og stengjer ...
Alt er tagna. Ned kjem natt
på breide, svarte vengjer,
då vaknar dulde strengjer.
Og Sàtan kjem med all sin her,
og Himmelørn og Herrens vêr,
    og angest-orm,
    og eld og storm,
og lògen stri'r som villast,
og det er natt som stillast.
 
Natti rivna, soli spratt,
sprengde dimme draumen.
Ljos og glad kjem dagen att,
skin på livsens straumen.
Men natti tèk att taumen.
Og ein ligg sæl og vill og varm,
og ein ligg still og hard og harm
    og eirar att
    den nifse natt,
og livet stri'r som villast,
og alt er natt som stillast.
 
Og dagen ris, og dagen rår
sterk og styrer verdi.
Og dagen kjem, og dagen går,
det er den gamle gjerdi.
Og mangeleis er ferdi.
Det er so mang ei namnlaus stund,
so mang ei sorg i hjartans grunn,
    so mang ein dag,
    so mangt eit jàg,
men vàrt kjem alt, og villast,
når det er natt som stillast.
 
 

Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad