Ordet

(Dikt, 1930)

Av Olav Aukrust
 
 
Ut og inn og upp og ned,
att og fram og utan fred
leitar nye, namnlaust fine
hugsviv etter hamom sine -
etter form og frelsarord, -
no, min hug, er naudi stor.
Løysar, du må atter lata
dine jarteigns under skje
i mi sjæl som du hev mata
med den manna som du gøymde,
til eg einsleg sat og drøymde
som ein fugl i heilagt vé,
Vil du ikkje med meg vera,
magtar ikkje eg å bera
fram til full forløysings fred
alt som vil av former femnast, -
og med rette namnom nemnast, -
openberr meg, gjev meg inn
ånd og utvegsord som finn
for mi lengsle full forløysing,
ellå kjøver frost og frøysing,
tusundfrygd i sjæl og sinn.
Aldri upp or dvalen vaknar
drøymde dikt som ordet saknar -
difor, Løysar, må du lata
dine ljuve jarteign skje,
so din skald på nytt kann fata
kva som tener til hans fred ...

--- 
Ve: lund
 
 

Frå Solrenning, 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad