På Kveldingsæter

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust
 
Det saud so i røtom.
Då rømde eg kvit.
Det skolv under føtom,
eg skunda meg hit.
 
 
Kveldingsæter
er stulen min no.
Eldingnæter
er hugen min no.
 
 
Lagnadstav
styrde i hamn:
hugen min gav
stulen min namn.
 
 
På Kveldingsæter
er oftast stilt.
Stusslege næter,
aud og hugilt.
 
 
På Kveldingsæter
er stundom stygt:
eldingnæter
og sett ikkje trygt.
 
 
Storstilla brusar
ender og gong -
fjellfossen susar
sin einslege song.
 
 
Lægre og høgre,
som vinden står,
med sorg heile døgret
mitt øyra han når.
 
 
Fjell-kvárt her er det.
Ein høyrer so langt.
Kveld-várt her er det.
Det ter seg so mangt.
 
 
Eg sat på ein haug her
ei stund, ein kveld.
Ein grå ein smaug der,
og kvarv att i fjell.
 
 
Det finst ikkje liv her
so langt eg kann sjå.
Og lel liksom sviv her
sumt no og då ...
 
 
Det kjem for meg ei
som i Tvangsdalen bratt
laut røyne ei leid
gjenom vanvit og natt:
 
 
Syster hans bestefar
sveiv som ei blind.
Men naudi den verste var
djupare inn ...
 
 
Draumsaumen rakna.
Det sveik ein gut.
Ho syrgde og sakna
seg sinns-sjuk til slut.
 
 
På eit einslegt stelle,
ei sev-tjønn-vik,
langt inn i fjellet
fanst ho att lik.
 
 
Seinhausten var det.
Snøen låg kvit.
So fylgde dei fáret
og rekte det dit.
 
 
*
 
 
Stødt når eg står
der på fjellmyri aud,
eg tykkjer ho går der
og klagar si naud.
 
 
*
 
 
Eg venta meg sælbot
i steinaudni kyrr.
Eg trudde 'kje mannfot
ha' fare her fyrr.
 
 
*
 
 
Men sumt gjer meg stur her.
Sumt som eg ser.
Eg ligg ved ei urd her:
ein brenn-flekk tér.
 
 
Det hev vore brent her
ein einsleg gong ...
Tru noko hev hendt her?
Ein runekong
 
 
går liksom att her
utbrend og sløkt -
vøre det natt her,
vart eg forstøkt ...
 
 
Eg kjenner det på meg
som eitkvart ilt.
Eg fær det 'kje frå meg -
det kviskrar stilt
 
 
um naudeld og nåe,
som brann ut til sist
i vanvit og våe
som ingen fekk visst.
 
 

Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad