På denne jord

(Dikt, 1965)

Av Olav Aukrust

 

På denne jord, på denne øy,
som flyt i strandlaust hav,
gjeng livet, ryrt som gras og høy,
sin gang mot grus og grav.

 

Det song so vent: «Eg er! Eg er!»
Den livsens morgonsong
er snart sin sukk i vind og vêr:
«Det var, detvar - ein gong.»

 

Sjå dette « er» fekk støtt til svar
det same dødsens « var».
All sæle og all sut på jord
ersagd i desse ord.

Frå Skaldespor, 1965. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad