På gullan tuve

(Dikt, 1930)

Av Olav Aukrust
 
 
Årle morgon, uppstadmund,
når kvar doggsprengd blome grøtest,
i den skire sælestund,
då, når natt og morgon møtest,
stig frå dessom land eg løyst
burt på gullan tuve, -
upp or djupni renn ei røyst
fylgd av tonar ljuve:
 
 
«Eg er skald og runekong,
er er meister, eg er over.
Kvar min song er sigersong, -
når du lyder mine lover
klovnar kaos, vårleg stig
kosmos fram, og skilde
krefters ville grensekrig
brest i semjur milde.
 
 
Ottast meg som ser eg veit.
Eger sjåar, eg er diktar.
Ovrar eg meg, vert du heit -
du ein svikar og ein svigtar.
Um kvart morgonbråna spor
til kvar nattløynd kjelde
du hev søkt og sope or,
veit eg vel å melde.
 
 
Eg er stille, eg med storm
jamvegt vil og røyning valde.
Eg gjev ofsen magt og form -
eg kann løyse, eg kann halde.
Ris du sjølvstiv, er eg den
som ditt ovmod meistrar, -
frys du modlaus, brenn eg enn,
til din vilje gneistrar.
 
 
Gjev deg all med deg og ditt.
Ver meg tunge, tolk og tenar:
skin eg upp med meg og mitt,
burt all skodd og skugge renar,
og ein vårdags balsam brått
inn i frosten fløymer -
du, ei nordisk natt, hev nått
ljoset som eg gøymer.
 
 
Du er valen, eg er arm
eg ditt «inne», du mitt «ute».
Várt eg or min ljuve barm
andar hol i rim på rute:
når det lyser vent på vang,
når ein glans du merkar,
skin ditt eige transparent;
eg er den som verkar.»
 
 

Frå Solrenning, 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad